Dette skjer operasjonsdagen
Du møter fastande i resepsjonen til avtalt tid om morgonen.
Ventearealet på dagkirurgen
Etter at du har registrert deg i resepsjonen, kjem ein sjukepleiar og tek i mot deg. På avdelinga får du tildelt ei seng og eit operasjonsantrekk. Senga og plassen din vert den samme under heile opphaldet.
Før operasjonsdagen har anestesilege og kirurg snakka med deg om helsetilstanden din og sjølve inngrepet. På avdelinga får du igjen snakke med desse.
Slik ser sengeplassane ut hos oss på oppvakings avdelinga som er tilknytta dagkirurgen. Her ligg du både før- og etter operasjon.
Når det er din tur kjem anestesisjukepleiar inn på avdelinga og tek i mot deg. Saman går dykk inn på operasjonsstova. Her vert du klargjort av anestesi og operasjonspersonalet. Du vert tilkobla monitorering, og får ein venflon.
Bedøving
Anestesilege har i samråd med kirurg bestemt kva for slags bedøving du skal ha ut i fra inngrepet og helsa di. Dei fleiste av pasientane våre får full narkose, noko som tyder at dei søv under heile inngrepet. Lokalbedøving i tillegg til full narkose blir også mykje brukt, eller i samband med medikamentar som gjev avslapping.
Nokre gonger kan det være naudsynt å sette lokalbedøving rundt ei nerve som forsyner eit litt større område med nerveender. Dette for å gje betre og meir langvarig smertelindring til pasientane, også etter at inngrepet er ferdig.
Etter operasjonen
Når inngrepet er over vaknar du inne på operasjonsstova, og narkosemidlane går fort ut av kroppen. Anestesisjukepleiar køyrer deg tilbake i seng til avdelinga der du var før operasjonen.