Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Etter operasjon/utskriving

Etter operasjon er det viktig å komme seg opp og røre seg så snart ein klarer.

Rom med senger
Her ligg du før og etter inngrepet.

Etter inngrepet kjem du tilbake til avdelinga du var på før operasjonen. Her blir du tatt vare på av sjukepleiar. Smertestillande får du etter behov. Du får og tilbod om drikke og eit lett måltid. Før utskriving informerer kirurgen deg om inngrepet som er gjort. Du får og reseptar og sjukemelding, evt. henvisning til fysioterapi der det trengs. Du får reise heim så snart du er i form til det.

Mange skal til poliklinisk kontroll, eller kontroll hos eigen fastlege i etterkant. Det er viktig at du har nokon som kan hente deg/være med deg etter operasjonen, og at du har nokon hos deg til neste morgon. Du kan ikke kjøyre bil sjølv etter operasjonen. Må du ha drosje heim, bestiller sjukehuset dette til deg. Merk at du ha må ha nokon som henter deg i avdelinga sjølv om du tek drosje. Her er det og ein eigenandel om du ikkje har frikort.

Nokre av pasientane kan ikkje reise heim samme dag, men må innleggjast grunna vedvarande smerter, dårleg helse eller reiseveg.

Om du har spørsmål etter heimreise kan du kontakte dagkirurgisk seksjon på telefon 55 97 04 50. Åpningstider er 7.30-15.00, mandag-fredag. Ved behov for akutt hjelp, ring 113.

Sist oppdatert 06.12.2016