Intensivinnlegging ved akutt, livstrugande sjukdom i høg alder: Ei spørjeundersøking blant nordmenn ≥ 80 år og deira pårørande.
I denne spørjeundersøkinga fann vi at behandlingsønska til eldre menneske i eit tenkt tilfelle av akutt, livstrugande sjukdom var svært varierande, og at dei var vanskelege for pårørande å gjengje.

Sammendrag
Behandlingsønskje ved eit tenkt tilfelle av akutt, livstrugande sjukdom i høg alder: Ei spørjeundersøking blant nordmenn ≥ 80 år og deira pårørande.
Bakgrunn
Dei fleste eldre pasientar beheld ikkje samtykkekompetanse ved akutt kritisk sjukdom. I slike tilfelle blir pasienten sine sannsynlege behandlingspreferansar når det gjeld innlegging på intensivavdeling, vanlegvis kartlagde gjennom stedfortredande utsegner frå familiemedlemmer.
Design
Postutsend spørjeskjema som utforskar preferansar for innlegging på intensivavdeling ved hypotetiske tilfelle av akutt kritisk sjukdom.
Deltakarar
202 polikliniske pasientar ≥ 80 år, vurderte som potensielle kandidatar for intensivbehandling
153 pårørande ≥ 18 år, utpeikt av pasienten som den mest sannsynlege stedfortredaren
Målingar og hovedresultat
Vi spurde om pasientane og deira pårørande sine preferansar for innlegging på intensivavdeling. Av dei eldre pasientar valde like store delar for (39 %) og mot (41%) intensivinnlegging, medan éin av fem (21 %) ikkje ønskte å ta del i avgjerdsprosessen. Sjølv om dei pårørande sine stedfortredande vurderingar berre i liten grad samsvara med dei eldre pasientane sine faktiske preferansar for intensivinnlegging (52 %), samsvara dei i vesentleg større grad med dei pårørande sine eigne preferansar for intensivinnlegging (79 %). Tryggleiken i avgjerdene var høg både hos dei eldre pasientane og hos dei pårørande.
Konklusjon
Preferansane for innlegging på intensivavdeling hos dei eldste pasientane varierer i stor grad, og evna til dei næraste pårørande til å gjengi desse preferansane korrekt er avgrensa, trass i stor grad av tryggleik i vurderingane sine.

Studien er avslutta, og resultata er publiserte her:
https://doi.org/10.1097/CCE.0000000000001185