Korleis grunngjeve nordmenn ≥ 80 år behandlingsønskja sine ved akutt, livstrugande sjukdom?
I denne kvalitative studien av fritekstkommentarane i spørjeundersøkinga fann vi at den personlege måten dei eldre deltakarane utøvde autonomien sin på, låg til grunn for ønskja deira om intensivbehandling.

Sammendrag
«Eg er gammal, og eg vil heller gje slepp på livet med opne auge»: Ein kvalitativ studie av nordmenn i alderen 80 år og eldre som forklarer preferansane sine for innlegging på intensivavdeling.
Bakgrunn
Behandlingspreferansane til pasientar i alderen 80 år og eldre ved akutt kritisk sjukdom varierer i stor grad og er vanskelege å føreseie. For å kunne gi eit tilpassa og rett nivå av behandling er det nødvendig å få betre innsikt i dei underliggjande vurderingane bak dei personlege behandlingsmåla deira.
Design
Postutsend spørjeskjema som utforskar preferansar for innlegging på intensivavdeling ved hypotetiske tilfelle av akutt kritisk sjukdom.
Deltakarar
202 polikliniske pasientar ≥ 80 år, vurderte som potensielle kandidatar for intensivbehandling
Målingar og hovedresultat
Vi spurde om pasientane og deira pårørande sine preferansar for innlegging på intensivavdeling. 141 (70 %) av dei som svara på spørjeundersøkinga, la til 297 fritekstkommentarar som forklarte behandlingspreferansane deira.
Vi gjennomførte ei tematisk tverrgåande tekstanalyse og identifiserte fire hovudgrunngjevingar som var relevante på tvers av ulike val om innlegging på intensivavdeling. Vi sorterte desse fire hovudfunna – kontroll, håp, tillit og aksept – etter avtakande individuell innverknad på avgjerda om innlegging på intensivavdeling. Forankra i Onora O’Neill sitt arbeid om autonomi og tillit, forstår vi desse funna som fire måtar å utøve autonomi på.
Konklusjon
Funna våre understrekar behovet for betre forståing av eldre pasientar sitt behov for autonomi, og for at avgjerder om innlegging på intensivavdeling i større grad tek utgangspunkt i pasienten sitt perspektiv.

Studien er avslutta, og resultata er publiserte her:
https://doi.org/10.1093/ageing/afaf297