Korleis reflekterer pasientar ≥ 80 år som er innlagde med hoftebrot, over ein tenkt livstrugande komplikasjon?
I denne kvalitative intervjustudien ønskjer vi å flytte den hypotetiske spørsmålsstillinga nærare den kliniske røyndomen for å kunne forstå betre korleis det å vere innlagd på sjukehus påverkar tanken på å bli livstrugande sjuk i høg alder.
Vi gjennomfører for tida ein intervjustudie med mål om å skildre tankar, haldningar og ønskje hos eldre pasientar (≥ 80 år) når det gjeld intensivbehandling ved akutt og alvorleg sjukdom.
I ei nyleg gjennomført spørjeundersøking blant polikliniske, eldre pasientar fann vi at ønskja deira om å få intensivbehandling varierte mykje frå person til person. Ei spørjeundersøking er likevel ikkje eigna til å fange opp dei bakanforliggjande tankane og haldningane som kan forklare denne variasjonen. Forskingstema som handlar om komplekse menneskelege erfaringar, kan best utforskast med kvalitative metodar. Det er òg uvisst om pasientane ville tenkje annleis om slike spørsmål i samband med ei uplanlagde innlegging på sjukehus. Vi intervjuar derfor pasientar over 80 år som er akutt innlagde med hoftebrot.
Prosjektet vil bidra til auka kunnskap om eldre pasientars forventningar til intensivbehandling ved akutt, kritisk sjukdom, slik at eldre menneske i større grad kan få tilbod om den behandlinga dei ønskjer og har nytte av.
Prosjektet er godkjent av REK midt, saksnummer 780869.