Intensiv- og postoperativ avdeling (IPA) søker nye medarbeidarar
Er du intensivsjukepleiar eller sjukepleier med relevant erfaring, så treng vi deg!
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland Universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smertebehandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet.
KSK er delt i sju avdelingar, der ei av avdelingane er Intensiv- og postoperativ avdeling med fire seksjonar; Intensivmedisinsk seksjon, Postoperativ seksjon, Postoperativ Glasblokkene og Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon.
Har du lyst på ein jobb som gir deg faglege utfordringar, allsidige arbeidsoppgåver og gode kollegaer?
Vi søker etter dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar til Intensiv- og postoperativ avdeling.
Vi treng deg, du er viktig for oss.
Søk jobb hos oss! (webcruiter.no)