Smilende ansatt ved barneseng_foto

Til deg som skal følge barnet til postoperativ

Etter operasjon eller undersøking i narkose kjem barnet til Postoperativ i Glasblokkene. Den vaksne som følger barnet blir tilkalla når barnet skal til postoperativ avdeling, slik at dei kan vere til stade når barnet vaknar.

Det er viktig at barnet får ro og tid til å sove av seg narkosen.

Det held at ein forelder er med barnet på operasjonsdagen, men om begge ønsker å følge legg vi til rette for det så langt det lar seg gjere. Vi ber likevel om forståing for at ro er viktig rundt barna og for dei som jobbar her, difor må vi nokre gonger be om at berre ein vaksen følgjer på postoperativ. Søsken kan ikkje følgje med til postoperativ avdeling.

På postoperativ blir barnet overvaka. Når barnet kjem til postoperativ vil det som oftast sove. Foreldre kan sitte ved senga, men unngå å forstyrre barnet så lenge det søv. Barnet vil ha overvakingsutstyr på seg, og nokre gonger ein kopp framfor munnen som gir ekstra oksygen. Enkelte gonger pågår det væsker eller medisinar, som vi vil ha kontroll på. Ved behov gir vi smertestillande, og de som kjenner barnet best er difor ein viktig ressurs for oss. Om barnet har eit kosedyr eller ei leike som gir tryggleik og distraksjon, må de gjerne ta det med. IPad og høyretelefonar er også lov. Når barnet vaknar kan det som oftast kome opp på fanget om det ynskjer. 

Dei fleste barna kan få mat, men nokre må vente litt før dei får lov til å ete. Vi tilbyr is, smoothie, saft, kjeks og yoghurt. Om barnet har spesielle omsyn til mat (glutenfri, laktosefri, etc) eller drikker best frå si eiga flaske må de gjerne ta det med.


Når barnet har vakna og har det fint, får de reise heim eller så sendt vidare til sengepost.

PS: Vis hensyn til andre om du brukar mobiltelefon hos oss. Ta ikkje bilete/video/lydopptak. 

Postoperativ i Glasblokkene ansatte bak en dør
Etter operasjon eller undersøking i narkose kjem barnet til Postoperativ i Glasblokkene. Alle barn har med seg ein vaksen. 
Sist oppdatert 18.09.2024