Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
FOR PASIENTAR

Rettar og informasjon

Perioperativt Register registrerer opplysningar om operasjoner ved sjukehus i Helse Vest. Her finn du informasjon om kva som vert registrert om deg og korleis du kan nytte rettane dine.

Kva vert registrert om deg?

Registeret inneheld opplysningar om operasjonen din. Døme på informasjon som vert registrert:

  • Dato for operasjonen
  • Type operasjon og inngrepskategori
  • Eventuelle komplikasjonar under eller etter operasjonen
  • Oppfølgingsdata

Kva skjer med opplysningane?

Det vil ikkje vera mogleg å identifisera deg i rapportar frå registeret. Personopplysningane dine kan berre utleverast dersom det ligg føre gyldig godkjenning, eller samanstillast med andre register som Norsk intensivregister eller Dødsårsaksregisteret. Ved utlevering over landegrenser krevst garantiar i tråd med GDPR.

Dine rettar

Bruk av desse rettane får ingen konsekvensar for behandlinga du mottek ved sjukehuset.

Du kan når som helst og utan grunn reservere deg mot at opplysningar om deg vert lagra i registeret.

Du kan be om innsyn i kva for opplysningar som er lagra om deg i registeret.

Du kan be om at feilaktige opplysningar vert retta. dette gjerast ved å ta kontakt med registeret.

Du kan be om at opplysningane dine vert sletta. dette får ingen konsekvensar for behandlinga du mottek.

Slik nyttar du rettane dine

Ta kontakt direkte: operasjonsregister@helse-bergen.no

Post: Perioperativt Register, KSK, Haukeland universitetssjukehus, 5009 Bergen

Personvernombod Helse Bergen HF, tlf. 55 97 50 00

Klage: Datatilsynet

Sist oppdatert 29.05.2026