Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meistringsgrupper

Ved Seksjon for smertebehandling og palliasjon driv ein jevnleg med meistringsgrupper. Gruppene er leia av psykolog og fysioterapeut og har 6 – 8 deltakarar.

Deltakarane er på førehand vurdert ved seksjonen av fysioterapeut eller psykolog, og vert så satt på ei venteliste. Ventetida kan vere på ca. 6 mnd.

Meininga med gruppebehandlinga er via samtalar (kognitiv terapi eller ACT), heimeoppgåver og øvingar retta mot auka bevissthet kring kropp og avspenning, å bidra til at deltakarane finn strategiar for å ei betre meistringen av sine smerter. Eit anna mål med gruppa er å verte tryggare på at fysisk aktivitet ikkje gjer smertetilstanden verre.

Gruppebehandlinga er samansett av åtte samlinger à to timar. Det er alltid eit informasjonsmøte i forkant av behandlinga der deltakarane får grundig informasjon om tilbodet og skriv under på ein kontrakt for deltaking i gruppa.

Sist oppdatert 02.12.2022