Et nærbilde av en grein med hvite blomster

Palliativ sengepost

Palliativ sengepost held til i Glasblokkene, Blokk 5, 5. etasje. Vi tilbyr lindrande behandling hovudsakleg til kreftpasientar og andre pasientar med alvorleg livsbegrensande sjukdom. Vårt mål er å bidra til best mogleg symptomlindring og livskvalitet for pasientar og pårørande gjennom å skapa trygge rammer på sjukehuset og ved utreise.

Personalet består av overlege, spesialsjukepleiar, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut, ergoterapeut, musikkterapeut, psykolog, prest og sekretær.

Vi arbeider målretta med:

  • symptomkartlegging
  • å komme raskt i gang med god symptomlindring
  • åndeleg og eksistensiell støtte
  • å ta vare pårørande
  • bistand til planlegging av oppfølging i heimen eller på institusjon, og samhandling med fastlege, kommunehelsetenesta eller andre samarbeidspartnarar
Vi planlegg utreise i nært samarbeid med pasient, pårørande og helsepersonell i primærhelsetenesta. Opphaldet er målretta og tidsavgrensa. Nokon gonger er det slik at pasientar avsluttar livet sitt på avdelinga vår. 
 
Skal du tilvisast avdelinga vår er det fastlege eller behandlande lege som gjer dette.
 

Ekstern tilvising sendes til Palliativ medisin i Helse Bergen HF. Adressa er i Helse Bergen sitt adresseregister.
 
Førespurnader må rettast til den palliative sengeposten som vidareformidlar etter behov.
Sist oppdatert 25.03.2024