Nærbilde av blå blomster

Palliativt team

Palliativ team er eit tverrfagleg team innan lindrande behandling. Teamet består av overlege, spesialsjukepleiar, psykolog, fysioterapeut, sosionom og prest.  Palliativt team tilbyr tilsynsbesøk ved sjukehusets avdelingar eventuelt innlegging i Palliativ sengepost. 

 
Vi gir råd og rettleiing i lindrande behandling hovudsakleg til kreftpasientar og andre pasientar med alvorleg livsbegrensande sjukdom. Vårt mål er å bidra til best mogleg symptomlindring og livskvalitet for pasientar og pårørande gjennom å skapa trygge rammer på sjukehuset og ved utreise. 
 
Skal du tilvisast til Palliativ team er det fastlege eller behandlande lege som gjer dette.

 

Ekstern tilvising sendes til Palliativ medisin i Helse Bergen HF. Adressa er i Helse Bergen sitt adresseregister.
Sist oppdatert 25.03.2024