Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Poliklinikk for langvarige smerter
Ved poliklinikk for pasientar med langvarige smerte arbeider legar, fysioterapeutar og psykologar tett saman i tverrfaglege team. Fokuset vårt er på evidensbasert utgreiing og behandling. Det vil sei at ein baserer seg på det som har vore god behandling gjennom fleire år og på resultat av forsking.
Vi er opptatt av at tilbodet ved vår poliklinikk skal vera så godt som mogleg. Derfor registrerer vi aktiviteten vår i eit kvalitetsregister. Som eit ledd i dette vil pasientar som kjem til poliklinikken bli bedne om å registrera relevante opplysningar i eit spørjeskjema som ein gjev elektronisk tilgang til i forkant av timen.
Fastlegar kan sende tilvising til Helse Bergen: Anestesiologi/smertebehandling-Tjeneste-adresseregisteret (nhn.no)
Det er vår erfaring at pasientar med langvarige smerter treng ein fastlege som koordinerer behandlinga, både når det gjeld smerter og dei psykiske og sosiale konsekvensane som plagene har.
Henviser og pasientens forventninger til utredning/behandling
Beskrivelse av smertetilstand
Karakter, lokalisasjon, varighet av smertetilstanden
Fysisk funksjon/daglig fungering
Ko-morbiditet
Andre sykdomstilstander
Søvnforstyrrelser
Psykisk helse
Psykososial situasjon
Familie
Arbeid, trygd
Medikamentelle forhold
Medikamentoversikt og tidligere medikamentell behandling
Eventuelt problematisk rus- eller medikamentforbruk
Annen tidligere relevant behandling og effekt av denne
Relevante utredninger/epikriser
Journaltilgang
Journaltilgang for pasientar ved Seksjon for smertebehandling
Alle pasientar i Helse Bergen som er over 16 år har tilgang til sjukehusjournalen sin på nett via helsenorge.no. Som hovudregel blir det ikkje sendt ut skriftleg kopi av rapportar til deg som pasient etter konsultasjonar ved Seksjon for smertebehandling.
Vurdere noverande medikamentell behandling
Gi råd vedrørande medikamentelle tiltak og eventuelt utprøving av spesielle medikament
Vurdere behov for fysioterapeutiske tiltak inkludert trening og gi råd vedrørande dette
Vurdere og påpeke betydninga av psykososiale faktorars innverknad på smerteoppleving og smerte åtferd
Tilbodet blir tilpassa individuelt til de ulike pasientane og kan omfatte
enkelt konsultasjonar hos de ulike faggruppene
tverrfagleg utredning med to eller tre faggrupper med eller utan oppsummerande tilbakemeldingssamtale
råd til behandlande lege
tverrfaglege smertegruppemøter der pasientens behandlande lege og et tilpassa tverrfagleg team drøfter aktuell behandling
Poliklinikkens funksjon er hovudsakeleg rådgivande, og ein er derfor avhengig av eit nært samarbeid med pasienten sin behandlande lege for å få gjennomført aktuelle tiltak. For å kunne dra nytte av poliklinikkens tilbod er det ein føresetnad at pasienten er motivert for eigen innsats og er open for andre tilnærmingar til smerte enn reine medisinske tiltak.
Vi har ikkje tilbod om medikamentavvenning eller skriving av spesialisterklæringar.
Haukeland er eit universitetssjukehus. Det betyr at det kan vere at du blir spurt om anna helsepersonell kan vere til stades under konsultasjonen saman med behandlar.
Det er mogleg å møte behandlararen din via video i staden for fysisk oppmøte.
Hugs å gi beskjed i god tid dersom du ikkje kan komme til timen. Dersom du ikkje kjem til timen du har fått, og du ikkje har gitt beskjed seinast 24 timar i forvegen, må du betale eit gebyr etter gjeldande takstar (helsenorge.no). Har du time på ein mandag, må du gi beskjed seinast fredagen før. Ver merksam på at byte av time kan føre til at du må vente lenger.
Om du ber om at / ein (eller fleire) timer flyttast, må du vere førebudd på at konsultasjonen/ vurderingsløpet kan bli utsett opptil 6 månadar.