Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jobb hos oss på Kjevekirurgisk avdeling

Me behandlar pasientar med sjukdomar og skadar i tenner, munnhole og kjevar. Kvart år tek me imot om lag 5200 pasientar - både born og vaksne – anten polikliniske eller som innlagde på sjukehuset

Kven er me 

Kjevekirurgisk avdeling er eit nasjonalt ressurssenter innan oral kirurgi- og medisin. Avdelinga er eit godt døme på korleis tannlegar, sjukepleiarar og tannpleiarar arbeidar saman i eit sjukehus. Tannlegane er spesialistar i oral kirurgi- og medisin. Spesialistutdanninga er eit samarbeid mellom avdelinga og  Institutt for klinisk odontologi ved UIB. Me tek imot sjukepleiarstudentar til kirurgisk sjukehuspraksis, og tannlegestudentar hospiterer nokre dagar i sitt femte studieår.    

Me behandlar pasientar med sjukdomar og skadar i tenner, munnhole og kjevar. Kvart år tek me imot om lag 5200 pasientar - både born og vaksne – anten polikliniske eller som innlagde på sjukehuset. Avdelinga har eigen poliklinikk med undersøkings- og operasjonsrom, i tillegg til ein tannklinikk. Tilhøyrande sengepost har pasientar frå heile Hovud-Hals-Auge klinikken.    

Vaksne pasientar ligg på Hovud-Hals-Auge sengepost i 5.etg i Sentralblokka. Born ligg på Barnekirurgen i 3.etg i Glasblokkene. 

Kvar held me til

Kjevekirurgisk poliklinikk held til i Sentralblokka i 2.et. nord.

Kven jobbar hos oss

Tannlegar, sjukepleiarar,  sekretærar og tannpleiarar.

Korleis er arbeidet organisert? 

Poliklinikken er open måndag - fredag frå kl. 08.00 - 15.30. I dette tidsrommet gjennomfører me planlagd pasientbehandling og gir augeblikkeleg hjelp. 

Vakthavande oralkirurg har vakt utanom ordinær opningstid, inkludert helg og høgtidsdagar.  

Arbeidsdagen vår startar med morgonmøte kl 08:00, der vakthavande oralkirurg gir rapport, og me fordeler oppgåver og går gjennom dagens program.

Arbeidsoppgåvene til dei ulike yrkesgruppene?  

Oralkirurg har både planlagde og akutte konsultasjonar i poliklinikk, og utfører operasjonar i lokalanestesi og narkose. 

Sjukepleiar koordinerer arbeidet i poliklinikken og på operasjonsstova. Det inneber mellom anna førebuingar til konsultasjonar og assistere ved prosedyrar og støtte til kirurgiske inngrep.   

Tannpleiar har konsultasjonar der dei vurderer tannstatus og gjennomfører førebyggjande behandling, som til dømes reins av tannstein. Tannpleiaren samarbeider og på tvers av avdelingar og gir rettleiing om munnstell og oppfølging mot offentleg tannhelseteneste.   

Sekretær koordinerer pasientstraumen i poliklinikken og har mykje kontakt med pasientane per telefon.

Generell informasjon

Poliklinikken tek imot innlagde pasientar som treng vurdering av tannstatus ved mistanke om infeksjonsfokus – mellom anna i samband med førebuing til hjarteklaffoperasjon, høgdosebehandling med kjemoterapi eller organtransplantasjon.  

Pasientane våre treng alt frå enkel behandling over få besøk, til meir omfattande utgreiing og langvarig oppfølging.  

Vanlege årsaker til innlegging er større kjeveoperasjonar, infeksjonar og skadar som krev kirurgisk behandling. Dei fleste pasientane er innlagde i 2-3 dagar, men nokre treng lengre opphald (1-2 veker). Dei fleste blir skrivne ut til heimen sin eller tilbakeførte til ei anna institusjon.

Vanlege problemstillingar i poliklinikken

  • Visdomstenner 
  • Rotrestar 
  • Tannimplantatbehandling  
  • Godarta svulstar og cystar i munn og kjeve 
  • Akutte og kroniske infeksjonar 
  • Slimhinnesjukdomar 
  • Kjevesmerte 
  • Kjevestillingsavvik (overbitt, underbitt, ope bitt) 
  • Brot i tenner, kjeve og ansikt 
  • Sårskadar i munn og leppe

Kva einingar samarbeider me med? 

  • Ulike kliniske einingar i Sentralblokka og Glasblokkene 
  • Sentraloperasjonen 
  • Sterilsentralen 
  • Forsyningsportør 
  • Teknisk personell 
  • Reinhaldarar 
  • Laboratoriepersonell 
  • Intern service i klinikken

Kva lærer du og blir god på? 

Hos oss får du: 

  • Erfaring med å skape tryggleik og i dei korte pasientmøta 
  • Innsikt i kor viktig kvar enkelt medarbeidar er i eit lite og tett arbeidsmiljø 
  • Solide kunnskap om kirurgi, nødvendige førebuingar og etterarbeid 
  • God forståing av tann- og munnhelse 
  • Erfaring i å rettleie og følgje opp pasientar 
  • Trening i godt lagarbeid og tverrfagleg samhandling  

Korleis er arbeidsmiljøet? 

Me har eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø der me er fleksible og rause med kvarandre. Poliklinikken har om lag 25 tilsette, nokre i deltidsstillingar. Leiinga og verneombodet samarbeider tett, og saman med kollegane arbeidar me kvar dag for å utvikle og ta vare på eit godt og trygt arbeidsmiljø. 

 

 

  

 

Sist oppdatert 12.12.2025