Informasjon til pasientar med samanlåste kjevar
Kvifor kjevelås?
På grunn av kjevebrot, større kjeveoperasjonar eller rekonstruktiv kirurgi må kjevane dine vere i ro, slik at ein får eit optimalt bitt.
Andre bein i kroppen kan haldast i ro ved hjelp av gips og liknande, medan kjevane må låsast ved hjelp av ståltråd.
Dei fleste kjevebrot treng 4-6 veker for å gro.
Det kan vere utfordrande å gå med låste kjevar i mange veker, men etter nokre dagar vil ein vere relativt uaffisert.
Kjevelås
- Det er sjeldan nødvendig å klippe opp ståltråden. Men skulle du bli utsatt for ei ulykke der luftvegane dine ikkje er frie må ein klippe kjevelåsen med saksa du får utlevert på avdelinga.
- Det kan difor vere lurt å vise familie/vener på førehand kvar dei ev. skal klippe dersom dette skulle oppstå.
- Ståltråden skal vere stram. Dersom du kjenner at ståltrådane er lause må du ta kontakt med din eigen kjeveortoped eller kjevekirurgisk avdeling.
- Dersom kjevelåsen blir klippet opp, kontakt kjevekirurgisk avd- Haukeland Universitets sykehus.
Kosthald
Rikeleg og tilstrekkeleg næring er viktig. Like etter ein operasjon treng kroppen næringsrik mat. Maten kan ikkje tyggast og må difor vere flytande eller mjuk/most.
- Et hyppige måltider, bruk sugerøyr eller kopp (med «tut») eller skje for å få maten i deg. Nær all mat kan mosast med miksar. Varier mellom ulike typer supper og graut. Vektreduksjon er vanleg etter eit slikt inngrep.
- Blir du kvalm, legg deg på sida. Kvalmen vil då som oftast gå over. Du kan ved utskriving få resept på kvalmestillande.
- Du bør ikkje drikke alkohol medan kjeven gror, då dette kan føre til kvalme og oppkast, særleg i samband med smertestillande.
- Unngå snus og røyk den første tida.
- Skyll ofte munnen med reint vatn etter måltid, dette løyser opp mat som sit fast i reguleringa.
Munnhygiene
Det er viktig å passe på munnhygienen når tennene er låst saman. For å hindre infeksjonar i slimhinner eller tannkjøt.
- Puss tenner som vanleg, unngå tannpuss i operasjonsområdet den fyrste veka. Bruk bakteriedrepande munnskyljemiddel (Paroex eller Corsodyl) morgon og kveld etter tannpuss opptil ei veke etter operasjonen. Fortset deretter med Fluorskyll i vekene etter.
- Då du ikkje kan slikke på leppene dine, kan desse lett bli tørre. Smør leppene ofte med salve eller liknande.
Smerte
Smerte og ubehag er vanleg ei tid etter ein kjeveoperasjon.
- Ved utskriving vil du ha behov for smertelindring i form av tablettar, brusetablett eller stikkpiller.
- Det er vanleg å ha begrensa gapeevne.
- Det kan og vere at nerven i kjeven er skada, og du vil då oppleve nummenheit og nedsatt kjensle i andletet. Dette kan vere forbigåande eller varig, avhengig av skaden.
Hevelse
- Hevelse etter operasjonen er vanleg og er gjerne på topp etter 2-3 dagar. Hevelsen forsvinn vanlegvis etter 1-2 veker.
- Blåmerker kan nokon gonger oppstå etter operasjonar. Dette er ufarleg og vil forsvinne av seg sjølv.
- Pasientar som vert operert i overkjeven, vert som regel tette i nasa grunna blodkoaglar. Dette er ikkje farleg. Saltvatnspray kan du bruke for å løyse opp blodkoagel i nasa.
- Den fyrste tida vert du anbefalt å ikkje snyte deg/pusse nasen.
Aktivitet
- Unngå tunge løft eller hard fysisk aktivitet så lenge kjeven gror. Dette kan lett føre til ekstra belastning for kjeven.
- Beskytt operasjonsområdet mot støt og traume i desse 6 vekene.
Har du spørsmål eller problem etter operasjonen?
Du kan henvende deg til :
Kjevekirurgisk poliklinikk (dagtid) Tlf. 55972850
Etter kl. 16:00 eller i helger, ta kontakt sengepost: Tlf.5573515
Tannlegevakten i Bergen kan også kontaktes: 55568717