Les meir om tannbehandling i narkose, barn og vaksne

Tannbehandling i narkose, barn og vaksne

Tannbehandling i narkose er eit tilbod til barn og vaksne som treng narkose for å kunne gjennomføra behandlinga. Behandlinga blir gjort på operasjonsavdelinga i Glassblokkene. Sjå oppmøtestad i innkallinga.

Informasjon til pasientar som skal til tannbehandling i narkose

Din tannlege har tilvist deg / ditt barn til tannbehandling i narkose hos oss. Saman med din tannlege skal skjemaet: «Pasientopplysningar til anestesilegen» vere fylt ut. Dette skjemaet gir svært viktig informasjon om pasienten i forhold til narkosen og blir sendt inn saman med tilvising frå din tannlege.

Viktig!

Faste før narkosen

Pasienten skal ikkje ete, drikke, tygge tyggegummi eller pastillar, røykje / snuse eller drikke anna enn vatn og saft dei siste 6 timane før narkosen. Vatn og saft kan drikkast inntil 2 timer før.

Narkose

Tannbehandling i narkose, er eit tilbod til barn og vaksne som treng narkose for å kunne gjennomføre behandlinga. Det vert lagt inn eit plastrøyr på handryggen for å gi narkosemedisin. For at sjølve stikket ikkje skal gjere vondt, brukast eit bedøvande middel kalt EMLA plaster. Kjøp dette på apoteket og fest det på begge handbakane ca. 90 minutt før undersøkinga. Blir teke av ca. 15 minutt før undersøkinga. Prøv i tillegg å halde hendene varme.

Pårørande / følgjeperson

Opptil éin pårørande kan vere med på behandlingsrommet fram til pasienten sovnar. Ved absolutt behov, kan fleire følgje inn på behandlingsrommet. Dette blir avtalt nærare ved oppmøte.

Under behandlinga, venter pårørande / følgjeperson på venterommet. Når behandlinga er ferdig, følgjer pårørande / følgjeperson med til Oppvakningseininga. Etter at pasienten er vaken frå narkosen, kan pasienten drikke og etterkvart ete som vanleg om ikkje anna er avtalt med behandlar. Pasienten må ha følgje heim etter narkosen og det er normalt å reise heim etter 1-2 timar.

Vaksne pasientar skal ikkje kjøyra bil same dag.

Dersom pasienten blir forkjøla eller akutt sjuk på andre måtar i løpet av siste veka før undersøkinga, ber vi om at pasient eller føresatte kontaktar sjukehuset på telefon 55 97 68 50 kvardag mellom kl. 08.00-15.00 for å snakke med anestesilege.

Medisinar

Faste medisinar skal takast som vanleg bortsett frå insulin og andre sukkersyke medisiner. Tablettar blir svelgt med eit 1/2 glass med vatn. 

Klede

Pasienten går kledd i joggebukse eller anna løst tøy. Ta gjerne med eit ekstra par bukser.

Dersom timen ikkje passar eller ved andre spørsmål, kontakt pasientkoordinator telefon 98 42 34 13.

Sist oppdatert 21.03.2024