Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høyresentralen

Høyresentralen er ein seksjon under Øyre-nase-halsavdelinga og har ansvar for utgreiing av vaksne med høyrselsplager. 

Nedsett høyrsel er ei plage som rammar mange. Dei vanlegaste årsakene til er aldersrelaterte høyrselstap og støyskadar, men det finst ei rekkje andre årsaker som til dømes arveleg høyrselstap og høyrselstap etter operasjonar eller infeksjonar.

Ved Høyresentralen tar vi og imot vaksne for vurdering av behov for cochleaimplantat. Høyresentralen har også ansvar for oppfølging av vaksne frå heile Vestlandet med cochleaimplantat. 

Tilvising 

Utgreiing av høyrselstap krev tilvising frå lege. Det er ein fordel om det er gjort undersøking av høyrsel hos fastlege, bedriftshelseteneste, eller liknande på førehand. 

Tilvising kan sendast til Høyresentralen eller til privatpraktiserande ØNH-lege med offentleg avtale. 

 

- Utgreiing av høyrsel hos barn og unge under 18 år, går føre seg i Glasblokkene  

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Klinikk for hovud-hals Øyre-nase-hals avdelinga Høyresentralen Postboks 1400 5020 Bergen

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sentralblokka 2. etasje

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Kjem du med drosje eller med følgjeperson kan du bli køyrt heilt bort til det nye sjukehusbygget. Følg skilt til Hovudinngang. Ved hovudinngangen er det av- og påstigning og snuareal. Det er ingen parkeringsmoglegheit ved hovudinngangen.

Praktisk informasjon om høyreapparat

På denne side finn du informasjon om kvar du kan få hjelp med høyreapparatet ditt og oversikt over nyttige kontaktar.

Høreapparat
Et nærbilde av en person som får høreapparat

Praktisk informasjon

​Dersom du ynskjer å avbestille eller endre ein time ved posten, finst det to måtar å gjere det på. Enten kan du ringe oss eller så kan du bruke internett. Ynskjer du å avbestille time og det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du kontakte oss på telefon.

Via internett

No kan du sjekke timeavtalane dine og skrive meldingar til avdelinga du har time hos på internett ved å logge deg på Helsenorge. 

I tillegg til å sjå timen din kan du sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ynskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.

Logg deg inn for å:

  • ​Få oversikt over timeavtalane dine
  • Sende ei melding til avdeling du har time hos (ikkje røntgen)
  • Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)

​Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du loggar deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane til barnet.

​Fortsatt brev i posten

Du vil fortsatt få innkallingsbrev i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.

Via telefon

Du kan også ringe til oss for å endre eller avbestille timen din. Du kan ringe ​måndag til fredag før kl. 15.30, telefonnummer står oppført i innkallinga di.

Treng du hjelp med å logge inn? 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient