Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarrettleiing

Ta kontakt med oss for å bestille servicetime dersom du opplever at høyreapparata ikkje fungerer som dei skal, eller om du ikkje får til å bruke dei. Då kan det vere behov for justering og eventuelt ein ny høyrselstest.

Problem med tilkobling

Ved problem med tilkobling må du ta kontakt med leverandøren

Høyreapparatet er øydelagt

Dersom høyreapparatet ikkje fungerer og må på reparasjon, anbefalar vi at du tar kontakt med leverandøren. Du kan sjølv sende apparata inn til reparasjon. Leverandøren finn du på tildelingsskjemaet. NAV betaler for reparasjonar på høyreapparat som NAV har dekt. Vi anbefalar alltid å sende høyreapparatet i ein pakke med sporing.

Når du sender apparatet til reparasjon er det viktig å huske å inkludere:

  • namn
  • adresse
  • fødselsdato
  • mobilnummer
  • ei beskriving av kva som er problemet med høyreapparatet

Bestilling av kontrolltime

Kontrolltime bestiller du for 

  • justering
  • enkle reparasjonar
  • gjennomgang av informasjon
  • ønske om tilleggsutstyr
  • annan hjelpebehov i bruk av høyreapparatet

For å bestille kontrolltime kan du ta kontakt på Helsenorge eller oss ringe på telefon 55 97 26 90 (måndag til fredag kl. 08:00–15:00).

Bruk og stell

Vi anbefaler å laste ned appen Smarthøyrsel, ein gratis, brukarvennleg app for rettleiing i bruk og stell av høyreapparat. Appen er utvikla av Hørselsforbundet, og er nyttig for både brukarar, pårørande og helsepersonell. 

Last ned appen her:

Smarthøyrsel – Appar på Google Play

Smarthøyrsel on the App Store

 

 

Sist oppdatert 05.10.2026