Hørselsforbundet
Hørselsforbundet er ein interesseorganisasjon for deg med nedsett høyrsel og tinnitus. Dei kan mellom anna hjelpe deg med støtte, råd og hjelp til stell av høyreapparat.
Hørselsforbundet
Hørselsforbundet har nærmare 70 000 medlemmar og har ei viktig rolle som interesseorganisasjon for mellom anna høyreapparatbrukarar, personar med store høyrselstap, foreldre med barn med nedsatt høyrsel, CI-opererte og personar med balansesjukdommen Ménière.
Hørselsforbundet Bergen
Hørselsforbundet Bergen er eit lokallag i Hørselsforbundet med ca 2600 medlemmar. Dei arbeider for å gjere kvardagen enklare for personar med høyrselsutfordringar og arrangerer ulike sosiale aktivitetar, kulturaktivitetar, turar og møter.
Sist oppdatert 08.10.2026