Portrett bibliotekar Trond Blom i Pasientbiblioteket. Foto

Pasientbiblioteket

Pasientbiblioteket vårt finn du i foajéen i Sentralblokka, like ved resepsjonen og lokala til Pasientreiser. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Vi har stort utval av bøker, teikneseriar, lydbøker, DVDar og CDar, tidsskrift, aviser og musikk. I tillegg låner vi ut DAB-radioar og avspelingsutstyr til film, lydbøker og musikk.

Søk i utlånsdatabasen vår

Pasientbiblioteket har òg PC og skrivar/kopimaskin i lokalet. Er du pasient eller pårørande, er du velkomen til å surfe på verdsveven, gå i nettbanken, skrive ut flybillettar og lignande.

I samarbeid med Pasientbiblioteket kjem frivillige rundt på sjukehuset med boktrallar på kveldstid. Vi prøver å rekke over heile sjukehuset, men det er ikkje alle veker at alle får besøk

Ein kan uansett ringe eller maile bestillingar også på dagtid. Telefon 55 97 33 10 eller epost til trond.blom@helse-bergen.no.

Biblioteket låner ut bildekunst. Ta kontakt med oss om du vil vite meir om dette.   

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Foajéen i Sentralblokka, like ved venteareala til Pasientreiser.

Besøkstider

  • I dag 10:30 - 15:00
  • Måndag 10:30 - 15:30
  • Tysdag 10:30 - 17:30
  • Onsdag 10:30 - 15:30
  • Torsdag 10:30 - 17:30
  • Fredag 10:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen