Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreft kontorseksjon

Kontorfagleg verksemd er ei faggruppe som representerar ein viktig ressurs i organisasjonen. Kontorseksjonen har enten medisinskfagleg eller helsesekretær (autorisasjon) bakgrunn. Medarbeidarane tar vare på dei medisinsk kontorfaglege arbeidsoppgåvene som er både pasientretta og administrativ.

Den kontorfaglege seksjonen yt service ved:

Sengepost, poliklinikk, henvisningskontor, strålekontor, Atriet og telefon ekspedisjonen. Desse befinn seg i både Parkbygget og sentralblokken.

Kontorfagleg personale

Seksjonen har 25 medisinske sekretærar/helsesekretærar, samt seksjonsleder for kontor. Arbeidsoppgåvene er medisinsk kontorfaglege. Hovudoppgåvene er registrering av pasientdata på dei ulike IKT systemane ved sjukehuset. Andre oppgåver er blandt anna informasjon og veiledning til pasient/pårørande både ved poliklinikk og innleggelse i avdelinga samt telefonbetjening. Det krevast ulik kompetanse ved dei forskjellige arbeidsstasjonane. 

Vi får undervisning og rettleiing eksternt og internt for kontorfagleg tjeneste.

Mål

  • Vi vektlegg fagleg dyktigheit og fleksibilitet slik at brukarane får ei teneste som til einkvar tid oppfyller krav til sikkerheit, kvalitet og service. 

  • Det er viktig at første møte med sjukehuset blir ein positiv oppleving. Ein må væra høfleg og vise empati.

  • Sørge for at pasienten kjem gjennom systemet så smidig som mogleg.

  • Koordinere og samordna undersøkingane på best mogleg måte.

  • Besvare telefonhenvendelser og yte beste service. 

  • Behandle pasientar og pårørande med respekt.

Våre oppgåver

  • Planlegging av innleggelser og poliklinisk behandling samt bestilling av prøvar og undersøkingar.

  • Atriet i underetasjen i Parkbygget er staden kor man som strålepasient, poliklinisk pasient og pasient på post 1 meldar seg for registrering, og for vidare henvisning til blodprøvar. Informasjon og veiledning til pasientar og pårørande. 

  • Registrering av pasientar på ulike datasystem ved innleggelse, poliklinikk, stråle, henvisninger. 

  • Telefonbetjening

  • Bestilling av transport og hotell.

  • Registrering av pasientar på ulike datasystem ved innleggelse, poliklinikk, stråle, henvisninger. 

  • Koding av diagnoser (økonomi)

  • Varebestilling.

  • Undervisning på datasystemer (superbrukar)

  • Samarbeidspartnare er andre sjukehus, sjukeheimar, samt fastlegar og dei fleste avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus

For medisinsk kontorfagleg verksemd

Arbeidsoppgåvene er svært varierande, sjølvstendige og krev kunnskap og engasjement. Enkelte funksjonar har nær kontakt med pasientar og pårørande. Vi er ei ansvarsbevisst gruppe som lokalitetsmessig er ganske så spreidd. Vi har eit travelt, men godt arbeidsmiljø, med mange utfordringar.

Kontakt

Slik finn du fram

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen