Kreft legetenesta

Avdelinga er ei spesialavdeling innan ikkje-kirurgisk kreftbehandling, men har eit tett samarbeid med andre avdelingar som utgreier og behandlar kreftpasientar, ikkje minst dei opererande avdelingane.

Spesielt pasientar med større svulstar eller risiko for lymfe- eller blodbore spreiing treng fleirdisiplinær diagnostisering og behandling for å oppnå eit best muleg resultat. 

Derfor er legetenestene blitt meir og meir spesialiserte og overlegane har fått delegert ansvar for og er ekspertar innan ulike kreftformer. Dei deltar i nasjonale og internasjonale fora for å stadig oppdatere sin kunnskap og dermed kunne gi behandling i tråd med dei beste internasjonalt gjeldande retningslinjer. 

Forskinga ved avdelinga bidrar også til at pasientar kan ha tilbod om deltaking i studium i framkant av kunnskapsbølgja.
Pasientar med ulike kreftformer behandlast fortrinnsvis ved gitte sengepostar, og overlegane med ansvaret for kreftformene er knytt til sine sengepostar.  
Assistentlegane har teneste ved dei ulike sengepostar og seksjonar og roterer mellom seksjonane med 4-6 månaders mellomrom.

Spesialistkompetanse
Kreftlegar er dei einaste legar som har spesialutdanning i bruken av røntgen/ fotonstråling eller radioaktive isotopar som målretta kreftbehandling. I tillegg har dei inngåande kjennskap til kreftsjukdommens biologiske oppførsel og til kartlegging av sjukdomsutbreiing med tanke på å velje best muleg behandling for den enkelte pasient. 

Dei har også utdanning i bruk av ulike kreftmedisinar (cytostatika, hormon, immunmodulerande stoff, monoklonale antistoff) og er vant til å takle alvorlege komplikasjonar, som infeksjonar, hos pasientar med nedsett immunforsvar.

Kreftlegane arbeider i team med kreftsjukepleiarar, stråleterapeutar, medisinske fysikarar, medisinsk kontorfaglig tilsette og helsepersonell ved andre avdelingar for å gi optimal behandling til den enkelte pasienten.

Personalet
Avdelinga har 16 overlegar i heildagsfunksjon og to i bistilling med hovudstilling (professorat) ved Universitetet i Bergen.  Det er 16 legar i spesialiseringsstillingar (assistentlegestillingar) i kreftbehandling (onkologi). 

Slik finn du fram

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen