Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Seksjon for medisinsk fysikk

Seksjonen har ansvar for det tekniske apparatet rundt Kreftavdelinga sitt stråleterapitilbod. Det inneberer kalibrering, teknisk drift og vedlikehald av alle strålegjevande apparat samt datasystem til individuell doseplanlegging, kontroll, arkivering og rapportering. Vi utformar og kvalitetssikrar individuelle pasientplanar og drifter forskjellig tilleggsutstyr som skal sikre trygg strålebehandling. Seksjonen gjer mottaks- og kvalitetskontroll av diagnostikkutstyr innan røntgen og gjev råd og undervisning i alle aspekt som omhandlar ioniserande og ikkje-ioniserande stråling. Vi har i tillegg ei gruppe som driv forsking knytt til fagfeltet medisinsk fysikk.

Seksjonen er delt inn i følgjande grupper:

  • Stråleterapifysikk
  • Doseplan
  • Stråleterapiteknikk
  • Røntgenfysikk
  • Forsking

Vi har og ei verksemd innan datafysikk i medisinsk fysikk. I tillegg er strålebrukkoordinator for Helse Bergen tilhøyrande seksjonen.

Seksjonen vert leia av Einar Waldeland.

 

Kontakt

Medisinsk fysiker

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Seksjonen er lokalisert i Sentralblokka. U
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret