Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strålebehandling mot bryst

Behandling

Kvar behandling tar 10 -15 minutt. Sjølve strålinga tar ca. 1 – 5 minutt. Du får behandling kvar dag, unntatt i helger og helgedagar. Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen blir påverka av behandlinga, men er ein viktig kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.

Røyking

Studiar har vist at røyking i samband med gjennomføring av strålebehandling gir dårlegare effekt. Dette har sannsynlegvis samanheng med at strålinga er avhengig av god tilgang på oksygen i vevet for å utøve effekten sin, og røyking reduserer oksygenmengda i vevet. Det er derfor svært viktig at du unngår å røyke. Snakk eventuelt med lege viss du treng hjelp til dette.

Biverknadar av strålebehandlinga

Strålebehandlinga kan medføre biverknadar. Desse kjem gjerne etter 1-2 vekers behandling. Biverknadane gir seg gradvis nokre veker etter avslutta strålebehandling. Vanlege biverknadar er:

Trøttleik

Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg litt meir trøytt og slapp. Det er då godt å få litt ekstra søvn og kvile. Frisk luft er bra, ta gjerne ein spasertur viss du har anledning. Er du yrkesaktiv kan du arbeide som vanleg, dersom du sjølv ønsker det.

Hudreaksjonar

Huda kan bli irritert (dvs. raud, øm og kløande hud) av strålebehandlinga. Under behandlinga anbefaler vi at du bruker ei såpe utan parfyme i behandlingsområdet, evt berre vatn. Unngå karbad, ta heller ein dusj. Ikkje frotter huda i strålefeltet, men klapp ho tørr. Deodorant utan parfyme kan brukast så lenge huda ikkje er sår. Du kan gjerne smøre huda i strålefeltet med uparfymert fuktighetskrem/lotion (for å redusere tørr hud, kløe og irritasjon). Det kan smørjast fleire gonger om dagen. Produkta skal ikkje innehalde metaller (f.eks. zink). Unngå potetmjøl/maisstivelse og babypudder i strålefeltet. Dersom det oppstår hudlause områder skal du ikkje smørja der. Stråleterapeut eller sjukepleiar kan gi råd om korleis det skal behandlas. Bruk gjerne tøy av bomull, la det om mogleg komme luft til hudområde som er irritert av behandlinga. Unngå bruk av silikonprotese og teip i behandlingsområdet. Unngå sol på det bestrålte området under strålebehandling og dei første månadane etter avslutta behandling. Bruk solkrem med høg solfaktor på dei områda som ikkje kan skjermast for sola. Reaksjonane i huda kan auke dei første vekene etter avslutta behandling, men vil gradvis avta. Huda blir ofte varig endra, ein kan merke det på at ho er mindre elastisk og får tydelege karteikningar. Dei som får stråling mot attverande bryst kan merke at brystet blir hardare enn før. Huda vil vere varig meir ømfintleg og kan bli lettare solbrent, bruk høg solfaktor.

Strålebehandling kan gi sår hud i det området på kroppen du får behandling. Risikoen for dette vil variere. Behandlingspersonalet vil gi nærmare informasjon om korleis det blir i ditt tilfelle. Reaksjonar i huda kan auke den første tida etter strålebehandlinga er avslutta.

I dei fleste tilfella vil huda vere heila i løpet av nokre veker.

Når du går til strålebehandling anbefaler vi at du steller huda i på følgande måte:

  • Vask av huda: forsiktig vask eller dusj, ikkje for varmt vatn og ikkje for lenge. Bruk berre vatn, eventuelt uparfymert såpe. Ikkje frottér huda, klapp ho heller tørr.
  • Får du stråling mot hovudet: bruk mild sjampo, og unngå å bruke hårfønar med høg temperatur.
  • Bruk ikkje parfymerte produkt i stråleområdet.
  • Barbering: bruk barbermaskin.
  • Unngå bruk av silikonprotese og teip i behandlingsområdet.
  • Tøy: bruk gjerne bomull nærmast huda, unngå stramt tøy. La det komme luft til strålebehandla hud ved anledning.
  • Strålebehandla hud er varig meir ømfintleg for temperatur, vind og sol. Dersom huda blir raud, tørr og irritert, kan du i samråd med behandlingspersonalet/apotek smørje tynt med ein hudkrem. Den bør være uparfymert, vatnbasert og med middels fettinnhald. Ikkje smør på hudlause område.

 

Husk:

  • Dette er generelle råd i tillegg til munnleg informasjon. Det kan vere nødvendig å gi andre råd i enkelte tilfelle.
  • Spør alltid om råd dersom det dukkar opp problem under strålebehandling. Ta gjerne kontakt sjølv etter avslutta strålebehandling, om det er noko du lurer på.
  • Følg desse råda til huda er heila etter strålebehandlinga.
  • Strålebehandla hud vil vere varig meir ømfintleg for sol enn normal hud. Bruk høg solfaktor.

 

Har du spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina. Du kan også snakke med legen ved kontrolltime.

Sluttsamtale

Når du har hatt den siste strålebehandlinga di, vil ein av stråleterapeutane ha ein samtale med deg. Du får då råd om korleis du kan handtere biverkningar i hud.

 

Omsorg for mindreårige barn (0-18 år)

Har du daglig omsorg for mindreårige barn og har de eventuelt behov for oppfølging i forhold til din sykdom?

Barn som pårørende
Sykepleiere. Foto.
Sist oppdatert 01.02.2024