Avstandsoppfølging ved KOR

KOR tilbyr avstandsoppfølging til dei som ikkje har moglegheit til å komma til sjukehuset for å delta i delar av rehabiliteringstilbodet.

Kvinne og mann i kontorklær snakker med hverandre  via blikkbokser med tråd mellom. Illustrasjon

Av ulike årsaker har ein ikkje alltid moglegheit til å delta på alle aktivitetane som går føre seg på KOR. Vi held på å lage eit digitalt likestilt tilbod for deg som ikkje har mogelegheit til å møte oss fysisk.  

Tilbodet inkluderer:  

Vi på KOR ynskjer å følgja deg opp så godt vi kan, og tilbyr i enkelte tilfelle telefon- og videosultasjonar. Vi vil avtale dette direkte med deg på førehand,og forklaring på korleis det går føre seg vert også gitt.  

Dersom du har spørsmål om videokonsultasjonen du vert invitert til å delta i vil kontaktinformasjon stå i invitasjonen. 
Vi anbefalar at du les gjennom informasjon om ​videokonsultasjon.

 

Pasientdialog er ein kommunikasjonsmåte for å tilby ein sikker og skriftleg kommunikasjonskanal med deg som pasient eller pårørande med fullmakt på helsenorge.no. For å logge deg på portalløysinga må du ha ein sikker ID (f.eks. BankID). 

 

Illustrasjon. Laptop med videokonferanse og chat.

 

 

I rehabiliteringstilbodet til KOR inngår opplæring i form av ulike forelesingar, gruppesamtalar og kurs. Nokre av foredraga og kursa vil kunne sjåast via Norsk Helsenett eller plattforma Checkware, og dette vil vi forklare nærare for dei som skal nytte dette systemet. 

Sist oppdatert 10.04.2024