Opplæring

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering har opplæringstilbod for pasientar og pårørande.

Kursholder foreleser med presentasjon på lerret i lokale med flere kursdeltakere i klasseromsetting. Foto

Fleire gonger i månaden blir det halde pasient- og pårørandeopplæring i ulike tema. Opplæringa består av teoriundervisning, spørsmål og svar. Spørsmål frå deg, medpasientar og pårørande er viktig og gir god læring for alle partar. Lurer du på noko, kan du vere sikker på at nokon av dei andre gjer det same. 

Vi tar opp tema som kreftrelatert fatigue (utmatting og trøyttleik), stress- og stresshandtering, mestring, nevropati, seksuell helse under og etter kreftbehandling, strålebehandling og fysisk aktivitet. 

Tilbodet gjeld for dei som tar del i rehabiliteringstilbodet, og ein kan ha med seg ein vaksen pårørande. 

Halvdagskurs i ernæring er eit kurs der sunn og næringsrik mat står i fokus. På kurset underviser klinisk ernæringsfysiolog om generelle anbefalingar og gir informasjon vedrørande ernæring og kreft. 

Helse- og treningsrådgjevar/ernæringsrådgjevar underviser om korleis kosthald kan auke effekten av fysisk aktivitet og kor mykje energi ein eigentleg treng. 

Kurset er for dei som tar del i rehabiliteringstilbodet.

Meistring av kvardagen kan vere krevjande både under og etter kreftbehandling. Korleis ein møter og handterer utfordringar, og korleis ulike situasjonar og endringar opplevast og påverkar oss, er avgjerande for vår fysiske, psykiske og mentale helse. Forsking har vist at kunnskap og innsikt kan auka moglegheita for å aktivt delta i eige liv og gjere gode val.  

Kurset går nærare inn på  kva meistring er, og kva det kan bety for den enkelte i forhold til det å vere i ein situasjon der sjukdom og endring pregar kvardagen. Tema som blir tatt opp er teori om meistring, helse og stress, samt meistringsverktøy, oppmerksomhetstrening og  avspenning. Det er lagt opp til erfaringsutveksling, refleksjon relatert til eigen situasjon, enkle praktiske øvingar og heimeoppgåver.  

Kurset er for dei som deltar i rehabiliteringstilbodet ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR), og går over fire gonger på om lag 3 timar kvar gong. Gruppa består av inntil 12 personar. For påmelding og informasjon om kursdatoar kontakt KOR på tlf 55 97 74 77. 

Førebuingskurs til strålebehandling er for dei som skal ha kurativ strålebehandling for prostatakreft, og deira pårørande. 

På kurset lærer ein meir om korleis strålebehandling går føre seg, kva strålebehandling er, om hormobehandling, biverknader, kvifor fysisk aktivitet et nyttig og om kreft og seksualitet.   

I hovudsak vært det arrangert fysiske kurs over to halve dagar kvar månad og ein digital variant av kurset blir tilbydd nokre pasientar.  

Avdelinga kontaktar dei dette kurset er aktuelt for, både når det gjeld den fysiske eller digitale varianten.  

I samarbeid med organisasjonen Look Good Feel Better Norge arrangerer KOR sminkekurs for kvinner som er under cellegiftbehandling.

​​Fem gonger i året blir det halde eit to timars sminkekurs. Konsulentane som held kurset leiar deltakarane gjennom korleis pleie huda og korleis legge enkel kvardagssminke. Det er plass til 12 deltakarar per kurs, og alle deltakarane sminkar seg sjølv under rettleiing av konsulentane.

For påmelding og informasjon om kursdatoar kontakt KOR på

tlf 55 97 74 77.​

Sist oppdatert 10.04.2024