Meistring av kvardagen kan vere krevjande både under og etter kreftbehandling. Korleis ein møter og handterer utfordringar, og korleis ulike situasjonar og endringar opplevast og påverkar oss, er avgjerande for vår fysiske, psykiske og mentale helse. Forsking har vist at kunnskap og innsikt kan auka moglegheita for å aktivt delta i eige liv og gjere gode val.
Kurset går nærare inn på kva meistring er, og kva det kan bety for den enkelte i forhold til det å vere i ein situasjon der sjukdom og endring pregar kvardagen. Tema som blir tatt opp er teori om meistring, helse og stress, samt meistringsverktøy, oppmerksomhetstrening og avspenning. Det er lagt opp til erfaringsutveksling, refleksjon relatert til eigen situasjon, enkle praktiske øvingar og heimeoppgåver.
Kurset er for dei som deltar i rehabiliteringstilbodet ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR), og går over fire gonger på om lag 3 timar kvar gong. Gruppa består av inntil 12 personar. For påmelding og informasjon om kursdatoar kontakt KOR på tlf 55 97 74 77.