Samtalar og samvær

Gruppesamtalar og individuelle samtalar inngår i rehabiliteringstilbodet ved KOR. Auka kunnskap om eigen situasjon og å dele erfaringar med andre kan vere svært nyttig, enten det er under eller etter behandling.

 

Gruppesamtale. Seks kvinner sitter rundt møtebord med kaffe og frukt. Foto.

 

 

Fleire gonger i månaden blir det arrangert gruppesamtaler som varer i 1 –1,5 time. Tema vi tek opp er søvn, vegen tilbake til kvardagen eller jobbnår kroppen og livet endrar seg - identitet og sjølvbileteog biverknader av hormonbehandling og korleis handtere desse. Hensikta med desse gruppesamtalane er å gi auka kunnskap om eigen situasjon og å dele erfaringar med andre.  

Første samtale er ein har ved KOR er ein informasjonssamtale om tilbodet, samt kartlegging av den enkelte sine ønsker og behov. Undervegs gjennomførast det oppfølgings- og sluttsamtale. Ved ønske om fleire samtalar legg vi til rette for det. 

Personalet ved KOR, som består av sjukepleiarar, helse- og treningsrådgjevarar, sexologisk rådgjevar, stråleterapeut og ernæringsrådgjevar, har god erfaring og brei kompetanse innan kreft og kreftrehabilitering. Vi tilbyr individuelle samtalar om ulike tema innanfor vår kompetanse.  

Det kan også ordnast time til andre yrkesgrupper som sosionom, ergoterapeut, sjukehusprest eller klinisk ernæringsfysiolog. 

Alle kreftramma kan ta kontakt med Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) dersom dei ynskjer time til sexologisk rådgjeving i forhold til verknad/biverknad av behandling, og kva ein kan gjera. Ein kan komme åleine eller saman med partner.

​​​​​Seksualitet og kreft er eit viktig tema.

«Seksualitet er en viktig del av ethvert menneskes personlighet, noe som ikke kan skilles fra andre sider i livet. Seksualitet er ikke det samme som samleie eller evnen til å få orgasme. Seksualitet er mye mer. Det finnes i den energi som driver oss mot å søke kjærlighet, varme og nærhet. Seksualiteten uttrykkes i hva vi føler, hvordan vi beveger oss og hvordan vi berøres av andre. Seksualiteten påvirkes av våre tanker, følelser, handlinger og vårt samspill med andre mennesker» (WHO).

Ein kreftdiagnose inneber for mange ein endring i seksualiteten. Enten som ein direkte følgje av sjukdommen eller biverknad av behandlinga.

Sjølvbilde og kroppsbilde kan endras, nokon opplev organfjerning, arrvev, redusert kjensle i kjønnsorgan, erektil dysfunksjon, nedsett lyst, smerter ved samleie, manglande utløysing, lekkasjar og lignande.

Seksualitet er ein av dei mest ømtåelege og private sider ved tilværa. For mange menneske er det vanskeleg å snakka om seksuelle kjensler, lyster og ønskjer, også til ein som står ein nær.

Sist oppdatert 17.04.2024