Første samtale er ein har ved KOR er ein informasjonssamtale om tilbodet, samt kartlegging av den enkelte sine ønsker og behov. Undervegs gjennomførast det oppfølgings- og sluttsamtale. Ved ønske om fleire samtalar legg vi til rette for det.
Personalet ved KOR, som består av sjukepleiarar, helse- og treningsrådgjevarar, sexologisk rådgjevar, stråleterapeut og ernæringsrådgjevar, har god erfaring og brei kompetanse innan kreft og kreftrehabilitering. Vi tilbyr individuelle samtalar om ulike tema innanfor vår kompetanse.
Det kan også ordnast time til andre yrkesgrupper som sosionom, ergoterapeut, sjukehusprest eller klinisk ernæringsfysiolog.