Sexologisk rådgjeving

For mange er seksualitet ein viktig del av livet og kan vere ei kjelde til lyst og glede, intimitet og nærleik. ​​​​​Ein kreftdiagnose inneber for mange ei endring i seksualiteten. Enten som direkte følgje av sjukdommen eller biverknad av behandlinga.

To personer i en sofa under rådgivning

Foto: Colourbox

Seksualitet er ein av dei mest ømtåelege og private sider ved tilværa. For mange menneske er det vanskeleg å snakka om seksuelle kjensler, lyster og ønskjer, også til ein som står ein nær.

Ein kreftdiagnose og påfølgande behandling kan for mange innebere endringar i seksualiteten, sjølvbilde og kroppsbilde.

Nokre kreftdiagnoser og behandling kan ha større konsekvensar for seksualiteten enn andre, men all kreftbehandling kan påverke den seksuelle helsa i større eller mindre grad, uavhengig av diagnose. Dette fordi seksualiteten har fysiske, psykiske, sosiale og kulturelle aspekt. ​​

Alle kreftramma kan ta kontakt med Kreftsenter for opplæring og rehabilitering dersom dei ønskjer time til sexologisk rådgjeving. Gjennom samtalar med spesialist i sexologisk rådgjeving NACS, kan du få råd i forbindelse med verknad/biverknad av behandling og kva du kan gjera. Du kan komme åleine eller saman med partner.

Sist oppdatert 10.10.2024