Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brystkreft - ressursar og tilbod til pasientar ved Kreftklinikken

Her finn du ei oversikt over nokre nyttige ressursar og tilbod som kan vere aktuelle under og etter kreftbehandling.

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR)

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering er ein seksjon på Kreftklinikken som gir eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod til kreftpasientar og pårørande. Her blir det arrangert fysisk gruppebasert trening på Pusterommet, kurs, foredrag, individuelle- og gruppesamtalar. Tilbodet kan nyttast i tida før, under og etter kreftbehandling. 

 

Logo Kreftforeningen

Foto: Kreftforeningen

Kreftforeningen - logo

Kreftforeningen er ein ideell organisasjon som støttar kreftpasientar og deira pårørande, samt fremjar forsking på kreft. For brystkreftpasientar som har gjennomgått eller er i ferd med kurativ behandling, tilbyr dei blant anna: 

  1. Rettleiing og støtte – Fagleg og emosjonell støtte. 
  2. Informasjon – Brosjyrar og materiell om behandling og rehabilitering. 
  3. Støttegrupper – Moglegheit for å dele erfaringar med andre pasientar. 
  4. Fysisk aktivitet og rehabilitering – Program for å støtte fysisk og psykisk helse. 
  5. Kurs og seminar – Kurs for å meistre livet etter behandling. 

Kreftforeningen gir viktig hjelp og støtte både under og etter behandling. Dei tilbyr også chat- og telefonfunksjon som gir pasientar og pårørande moglegheit til å få rask hjelp og støtte. Gjennom desse tenestene kan ein enkelt kome i kontakt med fagpersonar som kan svare på spørsmål om behandling, rehabilitering eller gi emosjonell støtte. Dette gir ein ekstra kanal for hjelp når det er behov for det. 

Ei kvinne med briller - kontaktinformasjon Kreftforeningen

Foto: Kreftforeningen

Kontaktinformasjon til Kreftforeningen

 

Logo Vardesenteret

Foto: Kreftforeningen

Vardesenteret - logo

Vardesenteret på Haukeland universitetssjukehus er ein gratis møteplass i samarbeid med Kreftforeningen for alle som er ramma av kreft. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar og få råd og hjelp. Vardesenteret er ope måndag til fredag kvar veke.

 

 

Logo
Brystkreftforeningen - logo

Brystkreftforeningen har over 500 frivillige fordelt på 52 lokalforeiningar og 15 000 medlemmar. Vi jobbar for at fleire skal overleve brystkreft, med god livskvalitet. Forsking på brystkreft, blant anna gjennom Rosa sløyfe, er eit viktig satsingsområde, i tillegg til å utvikle likepersonstenesta slik at alle som ønskjer det skal ha nokon å snakke med.

 

 

Logo Kreftkompasset

Foto: Kreftkompasset

Kreftkompasset - logo

Kreftkompasset sitt overordna mål er å bidra til auka livskvalitet hos personar som har eller har hatt kreft. Kreftkompasset har blant anna mentorskapsprogram, blogg, podcast og digitalt nettverk både for kreftoverlevarar og pårørande. 

“Hver dag teller” - Brystkreftboka 

Brystkreftboka er ei informativ bok som er laga for å gi både pasientar og pårørande innsikt i brystkreft. Den gir ei grundig forståing av sjukdomen, diagnoseprosessen, behandlingsalternativ, biverknader og korleis ein kan handtere både fysiske og psykiske utfordringar under behandlinga. Boka fungerer som ei støtte for dei som er ramma av brystkreft, samt for pårørande og dei som jobbar med kreftpasientar.

 

 

Logo Montebellosenteret

Foto: Montebellosenteret

Montebeloosenteret - logo

Montebellosenteret er ein nasjonal helseinstitusjon for kreftpasientar og deira pårørande, som tilbyr kursopphald med fokus på livsmeistring. Alle som har eller har hatt kreft og har norske trygderettar kan søkje om opphald, åleine eller saman med ein pårørande eller nærståande.

 

 

Logo NAV

Foto: NAV

NAV - logo

Har vore sjuk eller skada lenge - nav.no

Om støtteordningar, moglegheiter og vegen vidare når du har vore sjuk lenge og er usikker på kor mykje du kan jobbe framover. Vi kan vise deg til sosionom ved behov. Kreftforeningen har også nyttige oversikter over økonomiske rettar og moglegheit for å søkje om økonomisk støtte.

 

 

Logo
Bergen kommune - logo

Bergen kommune - Tilbud til kreftrammede og pårørende

Dersom du har eller har hatt kreft, eller er pårørande til ein kreftsjuk, har Bergen kommune fleire tilbod til deg.

 

Regional koordinerande eining (RKE) - Helse Bergen HF 

RKE betener den landsdekkande Informasjonstelefonen for Rehabilitering – 800 300 61, som er ei teneste for pasientar, pårørande og helsepersonell.

Koordinerande einingar (KE) ved sjukehusa

KE skal ha generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak i helseregionen, og vere kontaktpunkt for samarbeid med kommunane. KE har også overordna ansvar for individuell plan og koordinator. 

Sist oppdatert 09.07.2025