Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo, firmanavn

NorCUP

NorCUP er ein nasjonal studie med utspring frå Haukeland universitetssjukehus som skal betre diagnostikk og behandling for pasientar med kreft med ukjent utgangspunkt (CUP) ved hjelp av avansert molekylær profilering.

Kreft med ukjent utgangspunkt (CUP) er ein sjeldan og alvorleg diagnose med få behandlingsalternativ. Tidlegare studiar tyder på at avanserte molekylære analysar av kreftsvulsten kan seie noko om kreftens opphav. I NorCUP-studien vil vi nytte ulike moderne genanalysar for å predikere kreftsjukdomens opphav, noko som kan opne for meir målretta og persontilpassa behandling.

Vi vil òg etablere og evaluere nytten av eit molekylært tverrfagleg team (MDT)-møte for CUP-pasientar, som vil gi ei strukturert og heilskapleg vurdering av kvar pasient og danne grunnlaget for betre behandlingsval. Målet med studien er å etablere nye diagnostiske metodar som kan takast i bruk i klinisk praksis og gi CUP-pasientar meir presis og effektiv behandling.

NorCUP-studien mottok open prosjektstøtte frå Kreftforeininga i 2024, Trond Mohn forskingsstiftelse i 2025 og MATRIX i 2025.
 
NorCUP har potensial til å endre dagens diagnostiske praksis for CUP-pasientar. Ved å identifisere opphavet til svulsten og kartleggje molekylære mål kan studien gi pasientane betre prognose og meir skreddarsydd behandling.
 

Kreftklinikken: MD PhD Eli-Sihn Samdal Steinskog, MD PhD Kristine Aasebø, MD PhD Kjersti Elvestad Hestetun, MD PhD Kjersti Tefre Davidsen, MD Gry Sandvik Haaland,

Mohn kreftforskningslaboratorium: MSc PhD Prof Stian Knappskog, MSc PhD Oleksii Nikolaienko

Laboratorieklinikken: MD PhD Hilde Ytre-Hauge Smeland, MSc PhD Randi Hovland, MD PhD Hans Kristian Haugland, MSc PhD Kari Ersland, MSc PhD Mette Myklebust MSc PhD, Hans-Richard Brattbakk

Sist oppdatert 27.01.2026