Publiserte artikler
Oversikt over vitenskaplege artikler som er publisert frå forskningsgruppa.
Her finn du presentasjon av forskingsgruppa, kliniske studiar på ME og samarbeidspartnarar.
Professor Øystein Fluge og professor Olav Mella leier forskingsgruppa ME/CFS på Kreftklinikken på Haukeland, i tett samarbeid med professor Karl Johan Tronstad ved Institutt for biomedisin, UiB. Studiekoordinator er sjukepleiar Kari Sørland. Den tverrfaglege forskingsgruppa er samansett av legar og forskarar, sjukepleiarar, forskingsteknikarar og molekylærbiologar.
Gruppa arbeider med kliniske studiar med utprøving av medikamentell behandling. I tillegg driv gruppa kontinuerlege laboratorieforsøk med utgangspunkt i blodprøver og anna prøvemateriale frå deltakarar i dei kliniske studiane. Forskinga har som mål å kartleggje sjukdomsmekanismar, utvikle gode forskingsmetodar, identifisere biomarkørar for sjukdommen og utvikle behandling for pasientar med ME/CFS.
Forskingsarbeidet er mogeleg takka vere våre støttespelarar. Vi er svært takksame for kvar og ein av engasjerte pasientar, familie og venner som bidreg med innsamlingar, minnegåver, bursdags-Spleisar, smykkesal og andre initiativ for å støtte opp under forskinga.
Vi har motteke gåvmilde bidrag frå pasientforeiningane ME-foreininga i Noreg, ME-nettverket i Noreg (MENiN); støttegrupper som Fokus på ME, ME-morene, MillionsMissing og MEAction; og ikkje minst frå private bidragsytarar: Sara Emilie Tandberg/Careless og Bjørn Rune Gjelsten.
Prosjektet "Impaired microcirculation and tissue hypoxia as a possible mechanism in ME/CFS" ved Institutt for biomedisin er finansiert av Norsk forskningsråd.
Oversikt over vitenskaplege artikler som er publisert frå forskningsgruppa.