CycloME delA
CycloME del A – ein fase II-studie med utprøving av cellegifta cyclofosfamid hos pasientar med moderat til alvorlig ME/CFS.

CycloME del A
Cyclofosfamidstudien er ein enkeltsenterstudie. Kreftavdelinga på HUS er det einaste studiesenteret som har inkludert pasientar i del A. I tillegg er Det Norske Radiumhospital behandlingssenter i studien, og har tilbydd behandlingar til ei mindre gruppe pasientar som bur i Oslo-området.
CycloME er ein ublinda studie, så alle deltakarane har fått behandling med aktiv medisin. Kvar deltakar har fått 6 intravenøse behandlingar med fire vekers mellomrom og oppfølging i 12 månader etter dette. Kvar deltakar har gjennomført undersøkingar og testar før og etter behandling, og rapportert systematisk om eiga symptomutvikling.
Formålet med studien var å undersøke om behandling med cyclofosfamid kan gje klinisk betring og akseptable biverknader hjå pasientar med ME/CFS.
I del A deltok 40 pasientar med moderat til alvorleg sjukdom.
Status CycloME del A
Behandling og oppfølging i CycloME-studien blei avslutta i august 2017.
Resultata frå studien er publiserte i Frontiers in Medicine. Du finn ei lenke til artikkelen i oversikten over publiserte artikler nedanfor.