RituxME
B-lymfocyttdeplesjon ved bruk av det monoklonale anti-CD-20-antistoffet rituximab (MabThera®) ved myalgisk encefalopati/kronisk utmattingssyndrom.

RituxME er ein multisenterstudie som vart utført på fem forskjellige sentre i Noreg: Kreftavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus (hovudsenter), ME/CFS-senteret ved Oslo Universitetssjukehus (Aker), Medisinsk avdeling ved Notodden sjukehus, Avdeling for smerte og samansette symptomlidingar ved St. Olavs Hospital og Avdeling for fysikalsk- og rehabiliteringsmedisin ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge (Tromsø).
Formålet med studien var å enten stadfeste eller avkrefte resultata frå to mindre kliniske studiar, som viste klinisk betring etter bruk av rituximab hjå ei subgruppe ME-pasientar.
Studien er randomisert, dobbeltblind og placebokontrollert. Det vil seie at av dei 151 deltakarane fekk halvparten behandling med rituximab og den andre halvparten med placebo (saltvatn). Det var tilfeldig kva for ei behandling som vart gitt til kvar deltakar, og verken pasient eller behandlar visste om deltakaren høyrde til rituximab- eller placebogruppa før vi hadde avslutta 2 års oppfølging av kvar deltakar.
Alle deltakarar fekk 6 intravenøse behandlingar i løpet av eitt år, og deretter oppfølging i eitt år med regelmessige blodprøver og samtalar. Deltakarane gjennomførte undersøkingar og testar før og etter behandling, og rapporterte systematisk om eiga symptomutvikling.
Til den kliniske studien høyrer også tre delstudiar:
- Endotelfunksjon ved ME/CFS – ved Haukeland Universitetssjukehus og Notodden sjukehus
- Ergospirometri ved ME/CFS – ved Haukeland Universitetssjukehus, Notodden sjukehus og Oslo Universitetssjukehus
- Irritabel tarm og funksjonell dyspepsi ved ME/CFS – ved Haukeland Universitetssjukehus.
Status RituxME
Behandling og oppfølging i RituxME-studien vart avslutta etter planen i september 2017. Koden vart opna i oktober samme år. Resultata frå studien er publiserte i Annals of Internal Medicine. Du finn ei lenke til tidsskriftet (begrensa tilgang), samt til ei populærvitenskapeleg versjon av artikkelen, i oversikten over publiserte artikler nedanfor.
Hovudfokus for vidare arbeid med RituxME-data er analyse av resultat frå delstudiar og omfattande laboratoriestudiar basert på biobankprøver og dei kliniske data frå studien.