Styrke- og kondisjonstrening tabata

Tabata er ein intervallbasert treningsform der du kombinerer styrke og kondisjon. Økta passar alle, og du styrer intensiteten sjølv ved å auke eller senke tempoet på øvingane.

Utstyr:​

  • To fylte vatnflasker eller manualar om du har​
  • Vatn til å drikke under treningsøkta​
  • Stabile og gode joggesko er ein fordel, men er ikkje nødvendig​

Treningsøkta varar i 20 minuttar og passar for deg som ikkje har prøvd tabata tidlegare. ​

Ein tabata varar i fire minuttar, der ein jobbar i 20 sekundar intervallar med 10 sekund pause. Vi gjennomfører fire rundar med tabata, der den første er oppvarming.

Sist oppdatert 22.11.2024