Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opplæring og samtalar

Auka kunnskap om eigen situasjon og å dele erfaringar med andre kan vere svært nyttig, enten det er under eller etter behandling. Vi ønsker å gi deg tilpassa opplæring og undervisning til rett tid i behandlingsforløpet ditt.

Kursholder foreleser med presentasjon på lerret i lokale med flere kursdeltakere i klasseromsetting. Foto
Foto: Helse Bergen

​Behovet for opplæring og samtalar under og etter kreftbehandling kan variere. Ved første samtale ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering/Pusterommet utarbeider vi ein rehabiliteringsplan saman ut frå dine behov og ønsker. ​

​Kreftsenter for opplæring og rehabilitering tilbyr kurs, foredrag, gruppe- og individuelle samtaler innan tema: ​

​Kurs: ​

  • Meistringskurs.​
  • Ernæringskurs.​
  • Førebuing til strålebehandling for prostatakreftpasienter og deira pårørande.​
  • Sminkekurs i regi av Look good feel better.​

​

Foredrag: ​

  • Stress og stresshandtering.​
  • Kreftrelatert fatigue.​
  • Cellegift-indusert perifer nevropati.​
  • Seksuell helse.​
  • Fysisk aktivitet.​
  • Strålebehandling. ​

​

Gruppesamtalar: ​

  • Søvn og søvnutfordringar.​
  • Kvinne- og mannehelse under og etter kreftbehandling​
  • Korleis handtere biverknader av hormonbehandling. ​
  • Veien tilbake til jobb/kvardagen.​
  • Korleis handtere kvardagen og omgjevnadane. ​
  • Meistring og meistringsstrategiar. ​
  • Korleis trene etter du har delteke ved Pusterommet.

 

Individulle samtalar: 

  • Oppfølgingssamtalar innan tema nemd over
  • Sexologisk rådgjevning hos autorisert klinisk sexolog, NACS
Sist oppdatert 30.01.2026