Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av mennesker i et nettverk

Nettverk for adaptiv stråleterapi for nye behandlingsstrategier

ART-FORSEE er eit forskingssamarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus, Stavanger universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Målet er å utvikle og ta i bruk betre og meir presis strålebehandling – såkalla adaptiv strålebehandling (ART). Dette arbeidet blir støtta av Helse Vest gjennom strategiske forskingsmidlar for perioden 2025–2029.

Strålebehandling er ein viktig del av kreftbehandling, og nesten halvparten av alle kreftpasientar får det som ein del av behandlinga. Adaptiv strålebehandling gjer det mogleg å tilpasse behandlinga undervegs, basert på endringar i kroppen. Forskingssatsinga ART-FORSEE undersøker om slike tilpassingar kan gi betre kontroll på kreften, færre biverknader og betre livskvalitet for pasienten. Prosjektet legg  vekt på å bruke moderne biletdiagnostikk og automatiserte løysingar som kan gjere arbeidsflyten meir effektiv.

Gjennom kliniske studiar, datamodellar og utvikling av praktiske rutinar, vil ART-FORSEE gi ny kunnskap om korleis tilpassa strålebehandling kan gi betre resultat for pasientar i framtida.

Sist oppdatert 10.06.2025