Mal for tilvising til Seineffektpoliklinikk Kreftklinikken, Haukeland universitetssjukehus

Namnet og fødselsnummeret til pasienten

Språk og ev. tolkebehov

Kreftdiagnose og diagnoseår

 

Gjennomført kreftbehandling:

  • Behandlande sjukehus og tidsperiode
  • Oppgi type behandling: Kirurgi, medikamentell kreftbehandling og/eller strålebehandling mot kva område og stråledose

Generelle kriterium for tilvising:

  • Tid sidan kreftbehandling (strålebehandling/medikamentell kreftbehandling*/kirurgi) > 1 år
  • Alder: over 18 år
  • Behandla med kurativt siktemål, utan aktuell mistanke om tilbakefall
  • Det skal ligge føre ein grunngitt mistanke om at nåverande plager kjem av seneffekter etter kreftsjukdom/kreftbehandling
  • Samansette problemstillingar med behov for tverrfagleg tilnærming
  • Ber om at problemstilling og symptomutvikling over tid, blir tydeleg beskrive

*Gjeld for eksempel ikkje pasientar som får adjuvant hormonbehandling etter brystkreft.

Oppgi årsak(er) til tilvising, for eksempel :

  • Smertar
  • Perifere nevropatier
  • Kognitive endringar
  • Lymfødem
  • Problem med skolegang/arbeid
  • Bekkenplager frå urinvegar og/eller tarm
  • Muskel/skjelettplager
  • Fatigue
  • Seksuelle problem
  • Orale problem
  • Samansette seneffekter/plagar etter intensiv behandling/store strålefelt
  • Andre – Spesifiser

Andre forhold som bør beskrivast:

  • Familie- og sosialt: Arbeids/utdanningssituasjon, sjukmeldingsstatus, kommunale tenester
  • Komorbiditet
  • Livsstil: Røykevanar, alkohol- og rusvanar, fysisk aktivitet, BMI (høgde og vekt)
  • Medikament: Legemiddel i bruk og tidlegare legemiddel relevante for aktuell sjukehistorie
  • Kliniske funn
  • Gjennomført utgreiing
  • Relevante laboratorium- og andre prøvesvar
  • Eventuelle tiltak og effekt av desse

Tilvising blir send elektronisk til: 
Helse-Bergen HF – Onkologi – Non-invasiv behandling .
Blir merka: Poliklinikk for seneffekter.

Interntilvising: SO  Hau Kreft tilvising kontor.
Blir merka: Poliklinikk for seneffekter.

Telefonnummer: 55 97 15 15

Telefonen blir svart på i oddetalsveker – blir ikkje svart på i feriar.

Onsdag kl. 09-15

Fredag kl. 12-15

Sist oppdatert 20.06.2025