ProtonSUMMIT skal gi meir presis protonbehandling
Protonterapi er ei avansert form for strålebehandling som i mange tilfellar gjer det mogleg å redusere stråledosen til friskt vev samanlikna med tradisjonell fotonbehandling. Behandlinga er derfor særleg aktuell for pasientgrupper der det er viktig å avgrense langtidsbiverknader og seineffektar.
Sjølv om protonterapi allereie er etablert som klinisk behandling, er det framleis behov for meir kunnskap om kven som har størst nytte av behandlinga, korleis behandlingseffekt og biverknader kan forutsjåast, og korleis teknologien kan vidareutviklast.
-
Genomikk og molekylære biomarkørar
Vi undersøker genetiske og biologiske faktorar som kan påverke behandlingseffekt og risiko for biverknader ved protonterapi. Målet er å identifisere biomarkørar som kan bidra til meir persontilpassa behandling.
-
Modellering av protondose og biologisk respons
Vi utviklar modellar i skjæringspunktet mellom fysikk og biologi for å betre forstå dei biologiske effektane av protonstrålar. Dette kan bidra til meir presis doseplanlegging og biologisk optimalisering av behandlinga.
-
Bildebaserte biomarkørar
Ved hjelp av CT, MR og PET undersøker vi korleis medisinsk avbilding kan brukast til å forutsi behandlingsrespons og overvake endringar i svulst og normalvev over tid.
-
Strålebiologi og pasientnære 3D-modellar
Vi studerer korleis svulstar og normalt vev reagerer på protonterapi ved hjelp av cellemodellar, organoidar og andre pasientnære modellar. Dette gir innsikt i mekanismane bak behandlingseffekt og toksisitet.
-
Kunstig intelligens og prediktive modellar
Vi utviklar modellar som kombinerer kliniske data, biletinformasjon og biologiske markørar for å støtte framtidige behandlingsval og leggje grunnlaget for meir persontilpassa protonterapi.
