Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik søker du

Barneomsorgsattest

Alle som søker om assistert befruktning må framlegge barneomsorgsattest (politiattest). For par som søker om fertilitetsbehandling må begge levere oppdatert attest til Fertilitetssenteret.

par med skjema

Ein barneomsorgsattest er ein politiattest for personar som skal ha omsorg for mindreårige. Attesten gir informasjon om ein person er sikta, tiltalt, har vedtatt førelegg eller er dømt for brot av fleire straffeavgjerder. (til dømes seksualforbrytelser, drap, narkotikalovbrot og grov valds- og ranskriminalitet). For par i aktiv behandling er attesten gyldig i 12 månader. Ved søskenforsøk eller etter opphald i behandlinga må det som oftest søkes om ny attest. 

 

Slik søker du 


Du kan søke om politiattest elektronisk eller per brev. Attesten er gyldig i 3 månader og må leggast ved søknadsskjemaet. 
 
Velg kategori “Adopsjon og assistert befruktning” 

 

Slik sender de attestane til Helse Bergen

 Når de har fått barneomsorgsattestane frå politiet, skal dei sendast til oss via skjemaportalen til Helse Bergen ved å følge denne lenka 

Eventuelle merknader i barneomsorgsattesten vil inngå i den samla vurderinga av parets omsorgsevne.  

Sist oppdatert 18.03.2026