Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva vil behandlinga koste?

Mange har spørsmål om kor mykje det kostar å gå gjennom behandling med assistert befruktning på offentleg sjukehus.

Eigenandel

Ved utredning og forundersøkinga vil de måtte betale ein eigenandel.  Dette gjeld både mannen og kvinna.

Du må også betale eigenandel ved ultralydundersøkingar, ekstra sprøyteopplæring og kontrollar i behandlingsløpet . Dette gjeld som oftast berre for kvinna.

Ved fryseforsøk må de betale eigenandel, både ved ultralydundersøkinga og egginnsettinga. Dette gjeld som oftest berre for kvinna.

De vil motta faktura  på SMS i etterkant av konsultasjonane.  

Egenbetaling 

Ein får statleg delvis refusjon for inntil tre forsøk med assistert befruktning per barn. Ved kvart fullførde forsøk, med egginnsetting, vil eigenbetalinga være 1500 kr.

Ved totalfrys vil eigenbetalinga komme etter første innsetting i fryseforsøk.

Dette beløpet kan ikkje førast på kortet for eigenandel.   

Utgifter til legemidler 

Utgifter til legemiddel som overstig beløpsgrensa satt av HELFO blir dekka av folketrygda.

For oppdatert informasjon om dekking av utgifter sjå nettsida til helsenorge.no

Hugs å ta vare på alle kvitteringar. Dei skal sendast til HELFO innan seks månader etter de har nådd beløpsgrensa. De skal og sende inn ei stadfesting av behandlinga (legeerklæring). Skjemaet finner du i journalen din på helsenorge.no same dag som egginnsettinga er planlagt.

Søknaden til HELFO kan fylles ut elektronisk på www.helsenorge.no     

Sist oppdatert 28.05.2026