Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Digitalt rehabiliteringskurs

Gynea

Gynea er eit digitalt lærings- og meistringsprogram for deg som har hatt kreft. Programmet blir tilbode kvinner som har vore gjennom underlivskreft og som ønskjer meir kunnskap om, og oppfølging etter behandling. 

Tegning av kvinne med brunt hår og hodet hvilende på hånden
Illustrasjon: Jorunn Moberg Ohnstad

Digitalt rehabiliteringskurs – Gynea

Gynea er eit digitalt rehabiliteringskurs utvikla for kvinner som har eller har hatt gynekologisk kreft. Kurset er laga for å støtte deg i tida etter behandling, og kan vere eit supplement til oppfølginga du får ved gynekologisk avdeling, Kvinneklinikken ved Helse Bergen.

Mange kvinner opplever at sjølv om behandlinga er over, og dei kanskje er erklærte friske, så er ikkje livet heilt som før, noko (dei tre fiktive kvinnene), Ragna, Guri og Lillian fortel om i programmet. Ragna fortel til dømes om at sjølv om ho var letta då behandlinga var ferdig, vart ho overraska over kor annleis kroppen føltes og kor sliten ho var. Guri streva med tankar om tilbakefall som stadig dukka opp i kvardagen. Lillian opplevde endringar i seksualitet og nærleik som ho ikkje visste korleis ho skulle snakke om. Felles for dei var at dei sakna kunnskap om kva som kunne møte dei etter behandlinga – og korleis ein kan handtere det.

Kva inneheld kurset?

Gjennom Gynea får du tilgang til kunnskap, verktøy og støtte som kan hjelpe deg å handtere dei fysiske, psykiske og sosiale utfordringane som kan oppstå etter sjukdom og behandling.

Kurset er delt inn i seks modular. Kvar modul inneheld informasjon og kunnskap, konkrete verktøy og strategiar for å meistre kvardagen.

Tema i kurset er mellom anna: ein endra kvardag etter sjukdom, ein kropp i endring, fatigue, seksuell helse og nærleik, og frykt for tilbakefall.

Gjennom kurset vil du kjenne att erfaringar frå andre. Kanskje liknar dine opplevingar på Ragna si uro over ein kropp som ikkje heilt spelar på lag, eller Guri sitt behov for å finne ro i møte med bekymring. Kanskje vil du, som Lillian, få hjelp til å setje ord på tema som kjennest vanskelege å snakke om.

Som deltakar har du også kontakt med ein sjukepleiar som følger deg gjennom kurset.

Kven er kurset for?

Kurset er for deg som har gjennomgått behandling for gynekologisk kreft og som ønskjer meir informasjon og kunnskap om dei endringane som har skjedd og som ønskjer tilgang til ulike meistringsstrategiar og råd for å handtere endringane på best mogleg måte

Kvifor delta?

Mange opplever at det kan vere vanskeleg å få dekt alle behov i møte med helsetenesta. Gynea er utvikla for å gi deg eit trygt rom der du kan få kunnskap om det du opplever, kjenne deg mindre aleine, arbeide med eigne reaksjonar og erfaringar og å finne måtar å meistre kvardagen på.

For Ragna handla det om å forstå kvifor ho framleis var utmatta. For Guri vart det viktig å finne måtar å handtere uro og usikkerheit på og for Lillian gav kurset eit språk for endringar i kropp og relasjonar.

Kurset er digitalt og kan gjennomførast når det passar for deg.

Kurset er utvikla av helsepersonell og forskarar ved Haukeland universitetssjukehus, og er prøvd ut i ein studie der deltakarar rapporterer auka kunnskap, betre meistring av kvardagen og ei kjensle av støtte i ein krevjande livssituasjon.

Viss dette er noko for deg, kan du ta kontakt på:

post_gynea@helse-bergen.no

Av personhensyn ber vi deg om å ikkje sende sensitive personopplysninger per e-post.

Sist oppdatert 02.10.2026