Lurer du på noko om prevensjon?
Målet med prevensjon er å hindre svangerskap. Mange har i tillegg behov for å beskytte seg mot seksuelt overførbare sjukdommar.
Dette oppnår ein som regel ved å bruke både eit sikkert prevensjonsmiddel og kondom. Det er fleire prevensjonsmetodar å velje mellom i dag:
- P-piller
- Hormonspiral
- Koparspiral
- Minipiller
- P-sprøyte
- P-ring
- P-stav
- P-plaster
- Kondom
- Naudprevensjon/ Angrepille
- Sterilisering
- Pessar og sæddrepande midlar
Kva passar for deg?
Det er viktig å finne fram til det middel som passar best for deg. Dette kan du finne ut i samråd med ein lege. Alle allmennpraktiserande legar og gynekologar kan rettleie og skrive ut prevensjon. God og trygg informasjon er viktig for at prevensjonen som ein vel skal bli brukt rett.
Kvinner som er usikre eller skeptiske til prevensjonsmiddelet sitt, har større risiko for å bli gravide. Det er viktig at informasjonen blir tilpassa førehandskunnskap og behov for den einskilde.
Helsestasjon for ungdom
Det er helsestasjon for ungdom i dei fleste bydelar i Bergen. Dette er eit godt og gratis tilbod til unge som ønskjer råd om for eksempel prevensjon, seksuelt overførbare sjukdommar eller ulike psykiske plager som for eksempel angst og depresjon. Her kan ungdom få snakke med både lege og helsesøster.