KK 100 år – markering fredag 20. februar
Desse dagane er det 100 år sidan Kvinneklinikken opna. Det blir markert i Glasblokkene førstkomande fredag med historisk føredrag, song og pølsefest – og direktesending på NRK Radio.


– Startskotet for jubileumsåret går no på fredag klokka 08.30. Då blir det historisk føredrag med Morten Hammerborg, innblikk i KK i dag og vidare inn i dei neste 100 åra – og ikkje minst song frå vårt eige husband. For ikkje å gløyme pølsefest på plassen mellom Glasblokkene, seier klinikkdirektør ved Kvinneklinikken, Lorentz Erland Linde.
Arrangementet går føre seg i mingletrappa ved resepsjonen i Glasblokkene, blokk 6. Det vil også bli streamet på Innsiden.
– Vi håpar så mange som mogleg av både noverande og tidlegare KK-tilsette vil kome for å feire 100-årsdagen, seier Linde, som faktisk har same førenamn som den aller første direktøren på Kvinneklinikken, Lorentz Severin Petersen.
Dei som er morgonfuglar, kan starte jubileumsmarkeringa allereie klokka 06.00. «God morgon, Hordaland» på NRK P1 sender direkte frå Glasblokkene fram til klokka 09.00 med aktuelle gjester og utegåande reportarar. Programleiarar er Mariann Reikerås og Tony Ågotnes.