Mohn forskningssenter for

Regenerativ medisin

I Mohn forskningssenter for regenerativ medisin (MRCRM) jobbar vi for å utvikle nye behandlingar innan celleterapi for å reparere eller erstatte – altså regenerere – vev eller celler som er skada av sjukdom eller ulykker. Forskningssenteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og er støtta av Trond Mohn stiftelsen over ein 5-års periode. Forskningssenteret bygger på eit aktivt forskningsmiljø innan regenerativ medisin og den nye ex vivo reinroms-fasiliteten på Laboratorieklinikken for tillaging av celler til bruk i klinisk utprøving.

​​

Aktuelle saker

  • Prisvinnar Siddharth Vivek Shanbhag
    20. november 2023
    Ung forskar-pris: Kva gjer ein når bein i munnen forsvinn?

    Det handlar om bein, stamceller og stimuli av vekstfaktor i vev når tannlegen og postdoktoren Siddharth Vivek Shanbhag (38) forklarer forskinga si. Sist veke fekk han Helse Vest sin Ung forskar-pris, for studiane han har gjer for regenerasjon av beindefekter.

Sist oppdatert 29.11.2022