PODKAST
Labpodden
Labpodden tek deg med inn i hjarte av sjukehuset -til ei verd som er avgjerande for diagnose og behandling, men som dei fleste aldri ser.

Visste du at Laboratorieklinikken er involvert i nesten alt som skjer på Haukeland universitetssjukehus? I Labpodden tek vi deg med inn i laboratoria våre. Her får du møte fagfolk og forskarar som jobbar med alt frå blodprøver og vevsanalysar til avansert teknologi og forsking.
Du får høyre historiane bak diagnostisering og prøvesvar, og korleis laboratoria bidreg til at pasientane får rett behandling til rett tid.
Labpodden gir deg historiar, innsikt og kunnskap frå ein del av sjukehuset som du kanskje ikkje visste så mykje om, men som du definitivt bør bli betre kjent med.
Velkomen og god lytting!
-
Lytt til Labpodden
Du finn oss på dei fleste podkastplattformar - søk etter Labpodden og abonner for å få med deg nye episodar.
-
Spørsmål eller gode idéar?
Send oss ein e-post på labpodden@helse-bergen.no.
Sesong 1
-

Brystkreft hos menn
Episode 1
Visste du at menn også kan få brystkreft? Sjølv om det er sjeldan, er det ei alvorleg diagnose som ofte går under radaren. Ingunn Stefansson, overlege ved avdeling for patologi, deler innsikt frå både forsking og praksis.
Me snakkar om symptom, diagnostikk, hormoner og stigma - og kvifor det er på tide å gi meir merksemd til kreft i brystet hos menn.
Lytt til episode 1: Brystkreft hos menn - ei sjeldan, men viktig diagnose
-

Arveleg brystkreft - kunnskap som kan redde liv
Episode 2
Kva betyr eigentleg ha arveleg brystkreft? Kva skjer viss du får vite at du har det?
Birte Blindheim Lundhaug og Cathrine Bjorvatn, ved avdeling for medisinsk genetikk, fortel om genetisk testing, rettleiing og val du kan ta for å redusere risiko for å få arveleg brystkreft.
Lytt til episode 2: Arveleg brystkreft - kunnskap som kan redde liv.
-

Brystkreft på labben
Episode 3
Visste du at brystkreft kan vere styrt av hormoner - og at behandlinga ofte handlar som å ta frå kreftcellene drivstoffet dei treng for å vekse?
I denne episoden møter du kjemiker Bjørn-Erik Bertelsen som har utvikla verdas mest følsomme metode for å måle østrogennivå og legemiddel bruk i kreftbehandling.
Me snakkar om presisjonmedisin, biverknadar, forsking og korleis avansert laboratoriearbeid kan gi betre behandling og meir treffsikre svar.
Lytt til episode 3: Brystkreft på labben - når kjemi reddar liv
-

Brystkreft: Mange sjukdommar - mange moglegheiter
Episode 4
Kvar svulst har sitt eige fingeravtrykk, sin eigen biologi. Her møter du patolog og forskar Lars Akslen som tek oss med inn i den molekylære tidsalderen.
Me snakker om presisjonsdiagnostikk - kvifor det er heilt avgjerande for å gi rett behandling til kvar enkelt pasient. Korleis kan biomarkørar avsløre svulstens hemmelegheiter? Og kva har stjernehimmel til felles med diagnostikk av brystkreft?
Lars avliver mytar om patologens rolle og viser kor viktig denne faggruppa er for moderne kreftbehandling.
Lytt til episode 4: Brystkreft: Mange sjukdommar - mange moglegheiter
-

Velkommen til Labpodden
Episode 0
Laboratorieklinikken er ein av dei største klinikkane på Haukeland universitetssjukehus - og ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i Noreg.
Her gir direktør for klinikken, Gunnar Mellgren, oss eit innblikk i dei ulike avdelingane, og assisterande direktør Linda Sleire fortel kva Labpodden kan bidra med framover.
Velkomen til oss!