Kva er anafylaksi?

Anafylaksi blir definert som ein alvorlig, livstrugande generalisert eller systemisk overfølsemdsreaksjon.

Dersom reaksjonen er mediert av ein immunologisk mekanisme heiter det allergisk anafylaksi, og i dagligtalen blir gjerne anafylaksi (noko upresist) omtalt som allergisk sjokk. Dei vanlegaste utløysande faktorane er matvarer, insektstikk og legemidlar. Anafylaktiske reaksjonar kan også utløyses av ikkje-immunologiske (ikkje-allergiske) mekanismar

Diagnosen anafylaksi beror seg på ei klinisk vurdering. I Norsk veileder i praktisk anafylaksihåndtering (PDF) frå 2014 står det: Funn eller symptomer fra to eller flere organsystem oppstått plutselig, i rask rekkefølge etter hverandre eller samtidig tilsier at det foreligger anafylaksi og krever umiddelbar behandling.

Huda, luftvegane, sirkulasjonssystemet, fordøyingssystemet og nervesystemet er organsystema som er hyppigast involvert.

Sist oppdatert 30.05.2023