(1) Polycytemia vera, (2) Essensiell trombocytose og (3) Primær myelofibrose

Utgreiing av myeloproliferative sjukdomar (MPN)

Utgreiing av myeloproliferative sjukdomar

Ved myeloproliferativ sjukdom (MPN) er det overproduksjon av modne, funksjonelle blodceller. Philadelphia-kromosom-negativ MPN omfattar i hovudsak:

  • Polycytemia vera (PV)
  • Essensiell trombocytemi (ET)
  • Primær myelofibrose (PMF)

Desse sjukdomane fører til auka risiko for trombosar, beinmargsfibrose og akutt leukemi. Drivarmutasjonar i gena for Janus kinase 2 (JAK2), calretikulin (CALR) og trombopoietin reseptor (MPL) aktiverer JAK-STAT-signalvegen og er årsak til desse sjukdomane. Påvising av desse mutasjonane er difor ei viktig del av utgreiinga.

Mutasjonane førekjem med ulik frekvens hos pasientar med MPN. Om lag 98 % av pasientane med polycytemia vera har JAK2-V617-mutasjonen, medan ca. 2 % har ein mutasjon i JAK2 ekson 2. Ved essensiell trombocytemi og primær myelofibrose har ca. 60 % JAK2-V617-mutasjonen, medan 20–25 % har mutasjonar i CALR ekson 9 og under 10 % har mutasjonar i MPL, typisk W515L, W515K eller W515A.

Sjå Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for diagnostikk, behandling og oppfølging av maligne blodsykdommer for oppdaterte diagnostiske kriterium og ytterlegare fagleg rettleiing.

Sjå også nordiske anbefalingar: Nordic MPD study group. Guidelines for the diagnosis and treatment of patients with polycytemia vera, essential thrombocythemia and primary myelofibrosis, oppdatert 2017.

Tilgjengelege analysepakker ved utgreiing av MPN:

For fastlegar/primærhelsetenesta:

  • Polycytemia vera/Myeloproliferativ sykdom, initial utredning
    • Inneber analyse av JAK2-V617F
    • Dersom JAK2-V617F er negativ og det likevel er mistanke om MPN, må pasienten tilvisast hematolog som vil stå for videre utgreiing.

For hematologar/indremedisinarar:

  • Essensiell trombocytemi / primær myelofibrose (JAK2-V617F, CALR, MPL)
  • Inneber sekvensiell analyse av JAK2-V617, CALR og MPL
    • JAK2-V617. (Dersom JAK2-V617F ikkje blir påvist, går en videre til neste genanalyse, CALR)
    • CALR. (Dersom CALR mutasjonar ikkje blir påvist, går en videre til neste analyse MPL.)
    • MPL-W515K og MPL-W515L

Om dei enkelte analysane:

JAK2-V617F: Analysen er kvantitativ og blir rapportert som allelbyrde (prosentdel JAK2-V617F av den totale mengda JAK2-allel). Resultat > 0,4 % karakteriserer pasienten som JAK2-V617F-positiv. Berre verdiar > 1 % blir vurdert som sikkert klinisk signifikant. Verdiar mellom 0,4–1% bør kontrollerast.

CALR: Sanger-sekvensering av ekson 9. Resultat blir rapportert som påvist eller ikkje påvist og eventuelle mutasjonar blir namngjevne jf. HGVS.

MPL-W515K og W515L: Analysen for MPL-mutasjonane W515K og W515L er kvalitativ. Mutasjonane blir rapportert som påvist ved målt allelbyrde > 1,5 %. Metoden kan i tillegg indikere førekomst av W515A-mutasjonen dersom denne er til stades i høg grad (allelbyrde >>50 %). Ved mistanke om W515A-mutasjonen vil denne stadfestast med sekvensering av MPL-genet. Andre mutasjonar i MPL-genet blir ikkje oppdaga med denne metoden.

JAK2 ekson12-mut: Analysen er kvalitativ, og mutasjonane vil difor bli rapporterte som påvist eller ikkje påvist. Eventuelle mutasjonar blir stadfesta med sekvensering.

Monitorering av kjend JAK2-V617F positiv sjukdom:

JAK2-V617F kan rekvirerast direkte for monitorering av pasientar med kjend JAK2-V617F-positiv sjukdom. Rutinemessig monitorering av molekylær respons av JAK2-V617F er ikkje anbefalt.

Sist oppdatert 12.06.2024