Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)

Forskings- og utviklingsarbeidet er knytt til kvalitetssikring av laboratorieverksemda og rett bruk av laboratorieanalysar i diagnostikk og behandling.

MBF driv forsking innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Satsingsområda våre er skildra nedanfor under dei ulike fagfelta. Forskingsaktiviteten vår er breitt samansett.


Målsetjingane våre:

  • Å gjennomføre kliniske studiar med fokus på diagnostiske og prognostiske problemstillingar.
  • Å styrkje kunnskapen om kvalitetssikring av laboratorieverksemd. Difor utfører vi studiar som undersøker optimal behandling av prøvemateriale, fastset normalområde og endogen variasjon i biomarkørar, og ser på korleis laboratoriet kan bidra til rett bruk og tolking av analyseresultat.
  • Å utvikle nye, eller forbetre eksisterande, analysemetodar.

I tillegg til ulike vitskaplege tilsette og studentar, deltek ei rekkje yrkesgrupper i forskinga ved MBF – mellom anna legar, bioingeniørar, kjemikarar og molekylærbiologar.

 

Hovudfelta for vår forsking er:

  • Utvikling av nye legemiddel- og rusmiddelanalysar, mellom anna:
    • Massespektrometriske metodar for analyse av monoklonale antistoff (mAb) brukt i behandling 
    • Direktevirkende orale antikoagulantia (DOAK)
    • Rusmiddelanalysar for nye psykoaktive stoff (NPS)
  • Korleis etablerte analysar kan nyttast til å betre pasientbehandling og auke pasienttrygging innafor fleire ulike fagområde:
    • Nevrologi
    • Kardiologi
    • Psykiatri
    • Rus- og avhengighetsmedisin
  • I samarbeid med legemiddelinformasjonssenteret RELIS Vest optimalisere legemiddelbehandling gjennom å studera:
    • Effekt av legemiddelinformasjon til helsepersonell og publikum
    • Biverknader
    • Kommunikasjon om risiko ved legemiddelbruk ved graviditet og amming
Vi har også medansvar for vidareutvikling av og fagleg innhald i Farmakologiportalen
 

Hovudfelta for vår forsking:
  • Ernæring hos gravide, ammande og spebarn
  • Hjartesjukdom
  • Porfyrisjukdommar
  • Sjukdommar knytt til koagulasjonssystemet
  • Preanalytisk fase
  • Biologisk variasjon av biomarkørar

Pågående forskingsstudier:

Sjå våre publikasjonar - Nasjonalt vitenarkiv (NVA)

Hovudfelta for vår forsking er:

  • Utvikling av massespektrometriske analysemetodar i blod, urin, vev og cellekulturar, ein metodikk særleg eigna til analyse av småmolekylære substansar, mellom anna:
    • ​ steroidhormonar og østrogener
    • medikament som nyttast i endokrin behandling av brystkreft (aromatasehemmarar)
  • ​Stabilitet av prøvemateriale for hormonanalysar
  • Biologisk variasjon for hormonanalysar
  • Normalområder eller diagnostiske beslutningsgrenser for hormonanalysar​

Sjå våre publikasjonar - Nasjonalt vitenarkiv (NVA)​​

Forskningsgruppa ved Hormonlaboratoriet

Forskingsgruppav ed Hormonlaboratoriet er knytt til MBF Helse Bergen og Klinisk institutt 2 (K2), Universitetet i Bergen.I Forskningsgruppa er hovudfelta for forsking:

Sjå våre publikasjonar - Nasjonalt vitenarkiv (NVA)

​​Avdelinga har fleire biobankar som inneheld blodprøvar, urinprøvar, spytt og vev som skal nyttast til forsking. Les meir om dei ulike biobankane her.​​​​

Sist oppdatert 11.11.2025