Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prospective Breast Cancer Biobank (PBCB)

Prospective Breast Cancer Biobank (PBCB) - Generell forskningsbiobank Regionalt biobank-ansvarleg: Prof. Gunnar Mellgren, Haukeland Universitetssykehus (HUS) Lokalt biobank-ansvarleg HUS: Thomas Helland, HUS REK Nord sak: 2010/1957

Den generelle forskingsbiobanken PBCB er eit regionalt samarbeid mellom Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Stavanger Universitetssjukehus (SUS) der vi samlar inn biologisk materiale frå brystkreftpasientar.

Materialet vil bli nytta både til pågåande og framtidig forsking på brystkreft ved SUS/HUS, samt i samarbeid med institusjonar i inn- og utland. Spesielt for PBCB er den systematiske og breie innsamlinga av blodprøver, som vil danna eit unikt grunnlag for ein betre biologisk forståing av brystkreft, bl.a. med betre biomarkørar for diagnostikk, prognose og predikasjon av behandlingsrespons. Forskinga vil også legga grunnlag for å utvikla nye medikament eller behandlingsmetodar.

I 2011 starta HUS med innsamlinga av det biologiske materialet til PBCB. Til nå er det inkludert over 1100 pasientar i Bergen. De inkluderte pasientane vil verta følgt regelmessig i 11 år med blod- og urinprøvar kvart år. Blodprøvane vil bli lagra i PBCB for framtidig forsking i prosjekter godkjent av Regional Etisk Komité.

Ved HUS skjer oppfølginga av pasientane i samarbeid mellom Bryst- og endokrinkirurgisk seksjon ved Kirurgisk avdeling og Hormonlaboratoriet.

Vi er takksame for at du medverkar til biobanken og ny kunnskap for framtida.

Har du spørsmål eller ønskar å gi oss ei tilbakemelding?

Ta gjerne kontakt på e-post: thomas.helland@helse-bergen.no

Sist oppdatert 27.08.2024